Hopp til innholdet

Kollektiv ulukke
  • Gir økonomisk støtte til familien om det skjer noko med eit medlem eller ein tilsett
  • Vel mellom erstatning for død, invaliditet eller begge delar
  • Valgfrie forsikringssummer

Vi har tenkt på alt, så du skal sleppe.

Ei ulukkesforsikring særleg tilpassa medlemmer av idrettslag, korps eller andre organisasjonar, barn i barnehage og skuleelevar. Kan også kjøpast av firma for deira tilsette.

  • Ulukkesforsikring som er særleg tilpassa barn den tida dei er i barnehagen eller på skulen, eller på veg til og frå.
  • Passar også godt til medlemmer av idrettslag, korps eller andre organisasjonar.
  • Sørgjer for god dekning når laget sine medlemmer driv ulike former for dugnadsarbeid.
  • Godt tillegg til yrkesskade- og fritidsulykkeforsikring.
  • Gir økonomisk tryggleik dersom den forsikra blir ramma av ei ulukke.
  • Kan omfatte skade ved dødsfall og/eller medisinsk invaliditet og behandlingsutgifter.
  • Vel mellom dekning heile døgnet, under organisert aktivitet eller kun i fritida.
  • Erstatning etter medisinsk invaliditet avheng av vald forsikringssum og uføregrad.

Snakk med ein av rådgivarane våre om forsikring av kollektiv ulukke.

Leidulv Finden

Leidulv Finden

Avd. leiar forsikring/forsikringsansvarleg

56523514 mobil 91690216

Elin Bryn

Elin Bryn

Kunderådgjevar Forsikring

Damir Kovac

Damir Kovac

Teamleiar Bedriftsmarknad

56523506 mobil 91868204

Spørsmål og svar om kollektiv ulukke

Kollektiv ulukkesforsikring er ei forsikring som dekkjer grupper som tilsette, medlemmer, elevar eller deltakarar i ein organisasjon. Forsikringa gjeld for dei som er oppført i forsikringsbeviset og har bustadsadresse i Noreg.

Forsikringa dekkjer blant anna erstatning hvis eit medlem eller ein tilsett døyr i ei ulukke, livsvarig medisinsk invaliditet, og behandlingsutgifter opptil 5 % av forsikringssummen for invaliditet. Detaljar om dekninga finn du i forsikringsbeviset.

Ei ulukkesskade er skade på kroppen som skuldast ei plutseleg og uforutsett ytre fysisk hending. Eksempel inkluderer trafikkulykker, og andre uventa hendingar som skjer i forsikringstida.

Forsikringa dekkjer ikkje skader som følgje av sjukdomar, sjølvforskyldt rus, eller risikofylte aktivitetar som motorsport, fallskjermhopping, og fjellklatring utanfor merka løyper. Du finn ei fullstendig liste over begrensingar i forsikringsvilkåra.