
Hugs å teikne avlingsskadeforsikring før våronna startar
Nytt år, nye moglegheiter. Tida før våronna set i gang er ei perfekt tid for å gå over forsikringane dine. Spesielt avlingsskadeforsikringa, som må vere på plass før noko går i jorda.
Starten på året er ein ypperleg anledning til å sikre at du er godt førebudd for sesongen som kjem. Ved å ha avlingsskadeforsikringa på plass før våronna, kan du jobbe med litt meir ro i sjela. Då har du eit ekstra tryggingsnett om avlingane dine blir utsette for tørke, flaum eller anna ekstremvêr.
Avlingsskadeforsikringa kan vere avgjerande for drifta di om du blir råka av ulike typar uver. Vi tilrår å ha den om du er i utsette område. Dei siste åra har mange bønder erfart kor viktig det er å ha det tryggingsnettet. Spesielt når naturen viser kor uforutsigbar ho kan vere.
Du kan lese meir om ekstremvêrets påverknad på landbruket her
Når må eg kjøpe avlingsskadeforsikring?
Avlingsskadeforsikringa fungerer som eit tillegg til statens avlingsskadeerstatning. Hugs at den må vere på plass før noko går i jorda og at du må først få erstatning frå statens tilskot ved produksjonssvikt.
Snakk med oss om kva forsikringar du treng
Vi er her for å hjelpe deg med dei rette forsikringane for garden din. Du kjenner vekstforholda dine, og vi kjenner forsikring der du er.