Hopp til innholdet
Dame som sitter ved en fjord og ser på mobilen

Reglar for handel med kryptovaluta/virtuell valuta

Handel med kryptovaluta/virtuell valuta er i utgangspunktet lovleg. Det er imidlertid knytt stor risiko til handel med slik valuta, og myndigheitene har åtvara mot investering i kryptovaluta. Risikoen er knytt til både verdiutvikling og at kriminelle miljø og useriøse aktørar utnyttar etterspurnaden til svindel av kunder. Kundar kan også utan å vite det verta involvert i kvitvaskingsoperasjonar iverksett av kriminelle aktørar.

Dersom det skal investerast i kryptovaluta, skal transaksjonane til eller frå konto i Vekselbanken gå gjennom ein kryptoforhandlar/børs med konsesjon i Noreg. Kva føretak som har konsesjon finn ein her: https://www.finanstilsynet.no/virksomhetsregisteret/brukerdefinert-rapport/?group=8 - Velg deretter konsesjonstype «Vekslings- og oppbevaringstjenester for virtuell valuta». 

Ved handel i kryptovaluta skal kunde kunne dokumentera fullstendig handelshistorikk. Dette inneber alle transaksjonar frå investering, trading i krypto, til eventuelt uttak tilbake i norske kroner. Handelshistorikk skal leverast i excel-, xml- eller pdf-format.  

Ved uttak av kryptovaluta skal kunde kunne dokumentera at formuen er skatteinnberetta i alle åra ein har hatt kryptoaktiva. 

Ver merksam på at all dokumentasjon må godkjennast av banken, og at det då kan vera noko behandlingstid. I denne perioden kan midlane verta sperra på konto fram til dokumentasjon er godkjent. Dersom banken ikkje mottek tilfredsstillande dokumentasjon, eller reglane ikkje vert fylgd, kan det verta aktuelt å returnera midlane.