Hopp til innholdet
Gjen­synsglede på perrongen med to kvinner

Reiseforsikring

  • Gjeld med ein gong du går heimefrå
  • Få hjelp viss du blir sjuk eller skada på reise
  • Reise Pluss gir uhellsdekning for enkeltgjenstandar

Kva dekkjer reiseforsikringen?

Reiseforsikringa dekkjer skadar, sjukdom, ulykker, tjuveri og andre problem som kan oppstå på reisa di. Forsikringa gjeld frå du går heimefrå til du er trygt tilbake igjen heime.

Forsikringa gjeld uansett om du reiser kort eller langt, om du er borte i fem minutt eller fleire veker.

Du er sikra på alt frå ein rask tur på butikken, til ein lengre tur til eksotiske strøk.

Viss du vil ha ekstra god dekning, bør du velje vår beste forsikring, Reise Pluss.

Visste du at?

Reiseforsikring for heile familien gjeld også for ektefelle/sambuar og for barn under 21 år.

Om forsikring

Forsikringene våre leveres av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte hvis du har spørsmål eller trenger hjelp.

Spørsmål og svar om reiseforsikring

Viss du har reiseforsikring dekkjer det skadar, sjukdom, ulykker, tjuveri og andre problem som kan oppstå på reisa di. Reiseforsikringa dekkjer også avbestilling. Med Reise Pluss dekkjer vi uavgrensa sum på erstatninga.
Forsikringa kan seiast opp med ein månads varsel viss du byter forsikringsselskap eller ved hovudforfall. Viss du har ein avtale med kollektiv reiseforsikring kan forsikringa annullerast omgåande. Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg.
Viss innsjekka bagasje kjem minst 4 timar forseinka til reisemålet, og forseinkinga er stadfesta av transportøren, blir nødvendige og dokumenterte utgifter refundert med inntil 6 000 kroner per person for innkjøpte klede og toalettsaker i tida bagasjen din er sakna.
Du som kjøper forsikringa er forsikringstakar, og det er deg forsikringa gjeld for. Den kan også utvidast til å gjelde for din næraste familie. Med familie meinast det ektefelle eller sambuar og barn inntil 21 år.
Reiseforsikringa varer eitt år om gongen og blir fornya automatisk. Forsikringa er avgrensa til å gjelde for reiser som varer i inntil 77 dagar samanhengande. Skal du på ei reise som varer lengre enn dette, ta kontakt med oss så kan vi hjelpe deg.

Flytt forsikringane dine til oss!

Samlar du dine forsikringar hos oss får du gode rabattar. Fyll ut skjemaet og vi kontaktar deg så raskt vi kan.