Hopp til innholdet
Jente og gut kosar med hunden mellom seg

Hundeforsikring
  • Dekkjer veterinærutgiftene dine opp til summen du vel
  • Forsikre bruksverdien til den firbente bestevenen din
  • Ta veterinærtimen kvar som helst, på mobilen med FirstVet

Treng du hundeforsikring?

Hundeforsikring dekkjer veterinærutgifter og andre kostnader som kan dukke opp viss hunden din blir sjuk eller har ei ulukke. Sørg for at den firbente bestevenen din får hjelpa den treng, når det trengst.

Visste du at?

Når det blir kaldare kan hunden din fryse på potane også. Hugs å sjekke potane jamleg, smør med potesalve og bruk sokkar

Spørsmål og svar om hundeforsikring

Vår grunnleggande hundeforsikring dekkjer veterinærutgifter, atopi, allergi, MR/CT. Med Hund pluss utvidast forsikringa til å dekke vass trening, rehabilitering, tannsjukdomar og valpeforsikring. Du kan legge til valpekullforsikring, livsforsikring og bruksverdiforsikring viss du ønskjer det.  

Veterinærdekninga varer livet ut, men det er rasespesifikke avgrensingar på dødsfall og bruksverdi avhengig av alderen til hunden. Dekninga for dødsfall og bruksverdi opphøyrer automatisk ved hovudforfall året etter hunden når aldersgrensa for rasen sin, som er:  

8 år for

Berner Sennenhund, Grand Danois, Irsk Ulvehund, Leonberger, Newfoundlandshund, Pyrenéerhund, Napolitansk Mastiff og St. Bernhardshund

10 år for

Blandingsrasar og øvrige rasar

12 år for

Bichon Havanais, Border Terrier, Cairn Terrier, Chihuahua, Chinese Crested, Dvergschnauzer, Finsk Lapphund, Finsk Spets, Foxterrier, Islandsk Fårehund, Jack Russel Terrier, Lhasa Apso, Toy-, Dverg- og Mellompuddel, Kleiner og Grosser Münsterländer, Norrbottenspets, Norsk Buhund, Papillon, Phalène, Schnauzer, Shih Tzu, Softcoated Wheaten Terrier, Tibetansk Spaniel, Tibetansk Terrier, Västgötaspets, Welsh Springer Spaniel, West Highland White Terrier og Whippet


Du kan kjøpe hundeforsikring frå hunden er 5 veker gammal.
Med direkteoppgjer slepp du å legge ut når du er hos veterinæren. Du betalar berre eigenandel, så tar vi oss av resten.  
Du kan velje mellom 25 % og 50 % eigenandel ved veterinærbesøk.  

Treng du andre forsikringar?