Hopp til innholdet
Far og to små born nyter ein dag ute i naturen, sit på steinar dekka av lyng på ein solfylt dag.

Forbrukslån

  • For deg med små og eller større draumar 
  • Du kan låne inntil 500 000 kroner utan sikkerheit og velje nedbetalingstida sjølv 
  • Du kan søkje om forbrukslån hos oss frå slutten av januar 2025

Eit forbrukslån kan gi deg ekstra handlingsrom 

Har du fleire små eller mellomstore prosjekt på gang, eller møter på uforutsette utgifter? Då kan eit usikra lån gi deg handlingsrommet du treng.  

Lurt å tenkje på:

  • Eit forbrukslån er rimelegare enn eit kredittkort, men dyrare enn eit billån eller bustadlån.
  • Lånet passar godt for deg som har god kontroll over økonomien og kan innfri lånet innan rimeleg tid.
  • Du bør ikkje låne meir enn det du treng og prøve å nedbetale lånet så raskt du kan.
  • Hos oss får du ei individuell vurdering og nokon å snakke med om du lurer på noko undervegs.
  • Du får god oversikt over lånet i mobil- og nettbanken.

Vi jobbar for tida med å forbetre våre lånesystem, noko som dessverre gjer at du ikkje kan søkje om forbrukslån akkurat no. Kom gjerne tilbake i slutten av januar – då lanserer vi vårt nye forbrukslån og ser fram til å kunne hjelpe deg då!

Frå 7. januar er forbrukslåna våre leverte av Kredittbanken ASA.

Dette påverkar deg som søkjer om eller har forbrukslån hos oss. Finn ut meir om endringane her.

Priseksempel forbrukslån

Eff. rente 16,6 %. Låner du 70 000 kr over 5 år, vil lånet koste deg 30 848 kr og du vil betale tilbake totalt 100 848 kr.

Sjekk prislista og avtalevilkåra for meir informasjon.

Spørsmål og svar om forbrukslån

Eit forbrukslån er eit lån som du kan bruke til det du sjølv ønskjer. Det er eit usikra lån, som betyr at du ikkje treng å stille sikkerheit i eigedelar som bustad eller bil. Les meir om forbruksfinansiering her.

Hos oss får du ei individuell rente på lånet tilpassa den heilskaplege vurderinga av di økonomi. I tillegg får du eit etableringsgebyr på 650 kr og eit termingebyr på 40 kr. Desse kostnadene er inkludert i den effektive rentesatsen på lånet.

Som regel blir forbrukslånet utbetalt innan éin arbeidsdag etter at lånedokumenta er signerte med BankID.

Informasjon om lånet finn du i mobil- og nettbanken.

Her får du enkelt tilgang til:

  • Hovudoversikten over lånet ditt
  • Nedbetalingsplanen
  • Moglegheita til å endre forfallsdato på din eFaktura eller AvtaleGiro
  • Fakturaarkivet
  • Ekstra innbetaling
  • Moglegheita til å kjøpe betalingsforsikring
  • Moglegheita til å søkje om avdragsfridom eller forlenging av nedbetalingstida
  • Moglegheita til å søkje om eit nytt lån

Har du usikra gjeld hos fleire bankar?