Vi treng oppdatert ID
For å unngå svindel og kriminalitet må vi ha oppdatert legitimasjon frå kundane våre. Å legitimere deg digitalt tek kun 5-8 minutt.
Dette treng du for å legitimere deg digitalt:
- Pass eller nasjonalt ID-kort
- BankID-appen
Slik kjem du i gang:
-
Last ned BankID-appen og finn fram pass eller nasjonalt ID-kort
BankID-appen må lastast ned på telefonen din frå Google Play eller App Store før du kan starte ID-sjekken. Du treng ikkje aktivere appen før du tar den i bruk. Du kan kun nytte pass eller nasjonalt ID-kort til legitimeringa. NB: Hugs å sjekke at pass eller ID-kort er gyldig før du begynner, samt at telefonen din støttes (iPhone må vere iOS 13 eller nyare, Android må vere 7.0 eller nyare). -
Start ID-sjekken og vel legitimasjon
Du må vere logga inn i mobilbanken for å kunne starte ID-sjekken. Du finn ID-sjekken under Profil og innstillingar, Kontaktinfo og ID, og Start ID-sjekk. Når du startar ID-sjekken vil du bli tatt med over til BankID-appen der sjølve legitimeringa føregår. -
Bruk mobilen til å ta bilete og scanne legitimasjonen din
For å kunne scanne bilete av deg sjølv må du ha ein smarttelefon (iPhone må vere iOS 13 eller nyare, Android må vere 7.0 eller nyare). Du skal ta bilete av deg sjølv, av biletedelen i passet ditt, samt scanne passet sin chip (ved å leggje mobiltelefonen oppå passet). Korleis dette gjerast ser du i videoen under.