Hopp til innholdet
Illustrasjonar av Vipps og MobilePay.

Gjer meir med Vipps
  • Betal i butikkar, på nett og mellom vener
  • Vipps mellom Noreg, Finland og Danmark
  • Legg alle kort frå oss i appen - det er plass til alle

Utforsk moglegheitene i Vipps!

Nesten alle bruker Vipps til å sende pengar, men visste du om alle dei andre smarte måtane du kan bruke Vipps på?

Legg til alle kort og kontoar frå oss i Vipps

Gjer kvardagen enklare ved å leggje til både korta og kontoane dine frå oss i Vipps. Dette lar deg velje kva for ein konto eller kort du ønskjer å bruke når du skal betale eller overføre, direkte i appen. Slik får du full oversikt og fleksibilitet.

Vel mottakarkort i Vipps

Opplever du forseinkingar når du mottek pengar via Vipps? Ved å velje Visa-kort frå oss som ditt mottakarkort i Vipps-appen, sikrar du at pengane blir overførte på sekundet, uavhengig av om sendaren bruker kort eller konto.

Elles er Vipps kjekt til å logge inn, spleise på utgifter, og betale bruktbil gebyrfritt i samarbeid med NAF og Finn. Vil du vite meir om Vipps? Besøk deira nettsider.

Nyheit! No kan du vippse mellom Noreg, Danmark og Finland

Kostar det noko å vippse til utlandet? Å vippse til utlandet kostar 4 % av summen du vippser. Når du skriv inn beløpet du vil sende, reknar Vipps omtrent kor mange norske kroner som blir trekte frå kortet ditt. Valutakursen du ser i Vipps er frå Norges Bank og viser omtrent kor mykje du blir trekt.

Kva for ein valuta blir brukt når eg vippser til utlandet? Du vippser i valutaen som blir brukt i landet som vennen din har bankkonto. Les meir om å vippse til utlandet her: Vipps til utlandet.

Det er plass til alle korta frå oss i Vipps

Visste du at?

Ved å velje eit VISA-kort som ditt mottakarkort i Vipps, får du pengane på sekundet når nokon vippser deg frå sitt kort.

Hugs at du kan leggje alle kort og kontoar frå oss i appen! Det er veldig lett å velje kva for eit du skal vippse frå.

Andre nyttige betalingsløysingar

Spørsmål og svar om Vipps

Vaksne treng BankID, norsk personnummer eller D-nummer, mobilnummer, adresse, Visakort, norsk bankkonto, og e-post. Barn under 15 år treng eigen bankkonto, mobilnummer, og begge foreldres Vipps-profil.

Last ned Vipps-appen og vel "Legg til barn" under profilen. Begge foreldre blir varsla og må samtykke til at barnet kan Vippse andre.

Nei, det er ingen risiko for dobbeltbetaling. Når ei rekning er betalt via Vipps, vil den ikkje lenger vere tilgjengeleg i nettbanken.