Hopp til innholdet

Sparing i fond
  • Passar for deg som ønskjer langsiktig sparing
  • Kan gje høgare avkastning over tid enn tradisjonell sparing på bankkonto
  • Få personleg rådgjeving og gode råd om sparing tilpassa deg og dine behov

Kva for ulike typar fond kan du velje mellom?

Kva slags type fond du vel du velje vil vere avhengig av kor lenge du ønskjer å spare og kva risiko du tek.

Aksjefond 

Eit aksjefond er eit verdipapirfond der minst 80 % av kapitalen til andelseigarane blir investert i aksjemarknaden. Aksjefond er inndelt i ulike grupper etter kvar fondets midlar skal investerast. Investeringa kan til dømes vere geografisk avgrensa (til Noreg, Norden eller Europa) eller på bransje (til dømes helse, finans eller teknologi). Aksjefond passar for deg som er oppteken av god langsiktig avkastning og som ønskjer å spare i meir enn 5 år.

Rentefond

Eit rentefond er eit fond som plasserer pengane i rentebærande papir som sertifikat og obligasjonar. Rentefond blir delt inn i hovudkategoriane likviditetsfond, obligasjonsfond og andre rentefond. Rentefond passar for deg som vektlegg tryggleik og stabilitet. Rentefond har generelt lågare risiko enn aksjefond og passar for deg som har ein tidshorisont på 0-2 år på sparinga di.

Kombinasjonsfond

Eit kombinasjonsfond er eit fond som inneheld ein kombinasjon av aksjefond og rentefond. Til dømes kan det vere eit fond som investerer 50 % av forvaltningskapitalen i aksjar og 50 % i rentebærande papir. Fordelinga mellom aksjar og renter vil variere mellom ulike kombinasjonsfond, og kan også variere over tid i same kombinasjonsfond. Avkastning og risiko i kombinasjonsfond vil avhenge av fordelinga av rentepapir og aksjar i fondets portefølje. Jo større aksjeandel i porteføljen, desto høgare forventa avkastning - og risiko. Kombinasjonsfond passar for deg som ønskjer å investere i aksjar og rentepapir.

Dette lurer mange på om fond

Sparing i fond kan gje deg høgare gevinst på sparinga di enn om du set pengane dine på ein bankkonto. Du bør ha eit lengre perspektiv på sparinga di når du sparer i fond enn når du sparer på bankkonto. Sparer du i aksjefond bør du ha eit tidsperspektiv på 5-10 år og du må tole at verdien på sparesaldoen din kan svinge noko meir i verdi enn om du set pengane i banken. Sparing til pensjon eller langsiktig sparing til barn er eit typisk sparemål for sparing i aksjefond. Sparer du derimot til ein ny bil eller neste års sommarferie bør du heller plassere pengane på ein bankkonto.

Om du ønskjer å spare i fond bør du først stille deg sjølv to spørsmål:

  1. Kor lenge ønskjer eg å spare?
  2. Kor mykje toler eg at sparesaldoen min svingar i verdi?

Vi seier ofte at "tida er din beste ven". Det inneberer generelt at ein toler større svingingar av sparesaldo jo lengre ein planlegg å spare. Ein kan dermed ta ein høgare risiko på sparinga si, om ein er komfortabel med det, om ein har eit langsiktig perspektiv for sparinga si.

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med å finne den spareforma som passar best for deg.

Du kan kjøpe fond i:

Vi hjelper deg gjerne med å kome i gang. Book eit møte med oss, og få personleg rådgjeving og gode råd om sparing.

Du kan ha fondssparinga di på ein aksjesparekonto eller ein verdipapirkonto.

På ein aksjesparekonto kan du spare i fond som har 80 % aksjeandel eller meir. Andre typar fond må du ha på ein verdipapirkonto. 

Her kan du lese meir om aksjesparekonto og verdipapirkonto.

Lillian Lægreid

Lillian Lægreid

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Monica Myklebust

Monica Myklebust Lid

Kunderådgjevar Privatmarknad

May Kristin Væhle Jordal

May-Kristin Væhle Jordal

Kunderådgjevar Privatmarknad

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.