Dei aller fleste nordmenn har i dag tilgong til eitt eller fleire kredittkort. Ikkje så rart med tanke på at vi er i verdstoppen både når det gjeld reiser og netthandel, to område der kredittkortet verkeleg kjem til sin rett.
  • Alltid forsikra på reise: Når minimum 50 prosent av reiseutgiftene dine (transport og hotell) er betalt med kredittkort, får du automatisk ei reise- og avbestillingsforsikring som dekker uhell, sjukdom og tjuveri.
  • Tryggare netthandel: Om det er noko feil med varene du har bestilt, eller du vert svindla, er det betre at det er kredittkortet ditt som blir tappa enn bankkortet. Skilnaden er at pengane ikkje vert trekt direkte frå bankkontoen din, men frå banken. Dessutan har du gode reklamasjonsrettar.
  • Forsikring mot ID-tjuveri: Hjå oss er du i tillegg automatisk forsikra mot ID-tjuveri ved bruk av kredittkort. 

Tal frå Gjeldsregisteret viser at dei som er registrert med kredittkort i Noreg, i snitt har 1,8 kort kvar. Sjølv om det er mange fordelar med kredittkort, aukar ikkje fordelane med tal kredittkort. 

Her er 5 grunnar til å ha kredittkort frå oss:

  1. Hald styr på gjelda di. Nyttar du ulike kredittkort vert det vanskelegare å ha kontroll over kor mykje pengar du til kvar tid skuldar, og når dei ulike rekningane forfell. Husk òg at heile kredittramma står oppført som gjeld i Gjeldsregisteret, ikkje berre det du har brukt på kredittkortet. Dette kan påverka lånemoglegheitene dine. Snakk med oss i banken om du treng hjelp til ein opprydning

  2. Enklere bankkvardag. Med kredittkort hos oss har du alt på éin plass. Same PIN-kode, same nett- og mobilbank. Kredittkortet ditt vert ein del av den samla oversikta over inntekter, utgifter, bustadlån og gjeld. Har du pengar til overs er det dessutan superenkelt å betala inn ekstra.

  3. Dei beste råda. Ved å samla alle økonomiske tenester og produkt hjå oss kan du heile tida forhalda deg til éin rådgivar som kjenner deg og den økonomiske situasjonen din godt. Då er det òg enklare å tilpassa tilbodet om du plutseleg treng eit nytt lån eller opplever vanskar som sjukdom eller arbeidsløyse.

  4. Gode vilkår. Hjå oss får du inntil 45 dagars rentefri kreditt, same PIN-kode som på bankkortet ditt og kontaktlaus betaling. Reise- og avbestillingsforsikring og identitetstjuveriforsikring er alltid inkludert. Du kan òg utvida med tilleggstenester som betalingsforsikring og eigenandelsforsikring for leigebil.

  5. … og ekstra fordelar. Ønskjer du å få gode rabattar og kampanjar - meld deg på rabattprogrammet vårt. Det er heilt gratis å vera med og du kan når som helst melda deg av. Du får rabattane frå den dagen du melder deg på, så ikkje nøl for lenge! Me har allereie over 7000 påmelde og plass til mange fleire! Les meir og meld deg på her 😍