Hopp til innholdet
Når kulda kryp nedover, er det viktig at du får på vinterdekka før det er for seint.
Bilforsikring

Snart på tide å skifte til vinterdekk

Det går mot vinter og kaldare vêr, og køyreforholda endrar seg. Er det fare for snø eller glatte vegar der du er, bør du byte til vinterdekk.

Det er ditt ansvar som sjåfør å sørgje for at dekka er tilpassa det føret det blir køyrt på. Å køyre på sommardekk når vegane er speilglatte og fulle av snø og is, set både deg og dine medmenneske i fare. Vi anbefaler at du sjekkar vêrmeldinga dit du skal, og byter dekk viss det er fare for glatt føre.

Gode råd ved dekkskifte

Før du kastar deg rundt for å skifte dekk, bør du først sjekke at dekka dine er i forskriftsmessig stand.

Slitte vinterdekk gir deg ingen tryggleik. For vinterdekk er minimumskravet til mønsterdybde 3 millimeter, men NAF anbefaler minimum 4 millimeter for bilar under 3 500 kilo.

Les også: Slik gjer du bilen din klar for vinteren.

Når du har sjekka at dekka er i orden og du er klar for å byte, anbefaler vi deg å sjekke desse råda frå NAF.

Gjer dette når du byter dekk

  • Sørg for at bilen står på rett underlag og helst ikkje på laus grus.
  • Sjå til at bilen står i gir og at handbrekket er på.
  • Ha ein god jekk og sørg for at han er riktig plassert. Viss du har elbil bør du vere forsiktig med kvar du plasserer den, slik at du ikkje skadar batteriet ditt.
  • Sjekk instruksjonsheftet.
  • Ikkje beveg deg under ein bil som står berre på jekk.
  • Løys hjulmutterar/boltar før bilen jekkes opp.
  • Sjekk mønsterdybde på dekka (både på sommardekka du tar av og vinterdekka du tar på).
  • Pass på at hjula blir plassert riktig med tanke på rulleretningen.
  • Stram til annan kvar hjulmutter/bolt til alle er skrudd inntil. Ikkje stram for hardt, då kan du skade gjengar eller felg.
  • Sjekk lufttrykket på dekka.
  • Etter noko tids køyring bør du etterkontrollere at hjulmutterar/boltar sit.
  • Sommardekka vaskar du grundig og oppbevarer på ein tørr, kjølig og mørk stad.

Når kan ein bruke piggdekk?

Piggdekk kan brukast i perioden frå 1. november til første søndag etter 2. påskedag for Sør- og Midt-Noreg. For Nordland, Troms og Finnmark kan piggdekk brukast frå 16. oktober til og med 30. april.

Hugs at viss du er utanfor desse datoane og føret tilseier at du må bruke vinterdekk eller piggdekk, kan – og skal – du gjere det.

Visste du at?

Minstekravet til mønsterdybde på vinterdekk er 3 millimeter, men NAF anbefaler 4 millimeter viss bilen din veg mindre enn 3 500 kilo.

Usikker på køyrelengde?

Du kan justere opp kjørelengda sjølv i nettbanken
Mann og dame i bil som smiler til kvarandre

Kjøp bilforsikring

Hos oss kan du kjøpe fire forskjellige bilforsikringar. Sjekk kva som passar til ditt behov.