Hopp til innholdet
To smilende personer nyter vinterturen i en bil, en mann som kjører og et barn som lener seg ut av vinduet, begge kledd i varme luer, med en snødekt skog i bakgrunnen.
Snart kjem vinter'n. Har du hugsa å klargjere bilen din for kaldare og våtare forhold?
Bilforsikring

Slik gjer du bilen din klar for vinteren

Før den kalde fine tida tar heilt over, bør du gjere bilen din klar for kaldare dagar og glattere føre. Her får du 7 enkle tips for ein tryggare og meir problemfri køyretur i kulda.

Når haustsola blir låg, dagane blir kortare og frosten begynner å glitre på bakken, veit du kva som er rett rundt hjørnet: vinteren.

Med isete vegar, snø og synkande temperaturar, er det viktig at du sørgjer for at bilen din er førebudd og klar til å takle utfordringane som følgjer med vintersesongen.

Her har du 7 enkle tips for ein tryggare og meir problemfri køyretur i kulda.

Bytt til vinterdekk i tide

Det seier kanskje seg sjølv, men å byte til vinterdekk er utruleg viktig. Ikkje berre er det ulovleg å bruke sommardekk om vinteren, men det er farleg også sidan dei ikkje har godt nok veggrep på is og snø.

  • I mesteparten av landet er sesongen for vinterdekk med pigger frå og med 1. november til og med første søndag etter 2. påskedag.
  • I Nordland, Troms og Finnmark gjeld kravet om piggdekk frå og med 16. oktober til og med 30. april.

Sjekk mønsterdjupna

Vinterdekka skal ha minst 3 mm mønsterdjupn, men NAF for eksempel anbefaler minimum 4 mm på bilar under 3 500 kilo.

Brukar du bilen lite, kan dekka kanskje sjå fine ut, men ha gammal og hard gummi. Så ikkje la deg lure av korleis dei ser ut. Gamle dekk har dårlegare køyreeigenskapar.

Når du endeleg er parat til å byte dekka, har vi denne hendige guiden til å byte til vinterdekk klar til deg..

Sjekk batteriet

Når kulda set inn brukar du meir straum på å starte bilen og halde den varm gjennom setevarmarar, kupévarmarar og varmetrådane i vindauga.

Er batteriet ditt allereie i dårleg stand når kulda kjem, er det kort veg til at du må byte det ut. Gjer heller det før enn seinare.

Sjekk at batteriet er lada opp, at alle cellene fungerer og etterfyll med batterivatn viss vatnnivået i cellene er for lavt.

Hugs at elbilar også har eit eige batteri for alle ekstrafunksjonane i tillegg til bilbatteriet. Då hjelper det lite om «køyrebatteriet» er fullada viss ekstrabatteriet er tomt.

Sjekk at alle lysa fungerer

Når du skal ut på vegen i vintermørket, er det viktig at alle lysa funkar som dei skal.

Test blinklysa, tåkelyset, naudblinken, fjern- og nærlyset ved å setje dei på og gå ut av bilen for å sjekke dei fysisk. Bremselys og ryggelys må du kanskje få hjelp til, men er du åleine kan du prøve å rygge inntil eit stort vindauge som reflekterer lysa.

I nyare bilar skal du også få eit varsel i dashboardet som seier ifrå om ei av pærene har gått.

Sjå samtidig etter eventuelle riper, fukt eller slitasje på lyktene. Kanskje nokre av dei bør erstattast?

Sjekk spylervæska, vindusviskarane og frontruta

Viss du brukar ei spylervæske som er berekna for sommaren, bør du byte til ei som er laga for vinteren. Vinterskyllevæska fungerer betre i kaldt vêr og frys ikkje så lett.

Gummien på vindusviskarane er ein bruksvare som slitast og blir dårleg over tid. Byrjar det å skrape når du brukar dei, eller dei ikkje hjelper i det heile tatt, bør du byte dei.

Når du først held på med vindusviskarane: ikkje gløym frontruta. Frontruta er kjempeviktig for trafikksikkerheita og at du ser kva som skjer på vegen. Sjå etter sprekkar ved å vaske innsida av den.

Finner du nokre sprekkar, bør du få fagfolk til å ta ein titt. Ofte kan ruta fiksast i staden for å bytast ut.

Har du delkasko, kasko eller Bil Pluss-forsikring hos oss, får du dekka reparasjon opp til 750 kroner utan å betale noko ekstra. Men ventar du for lenge, og skaden blir verre, må ruta erstattast. Då kostar det deg 2 500 kroner.

Fiksar du bilruta tidleg, sparar du med andre ord både pengar og miljøet.

Sjekk olja

Køyrer du fossilbil, må du ikkje gløyme å sjekke olja. Når det blir kaldt, kan olja bli tjukk og ikkje gjere jobben sin like godt. Så vurder om du bør byte til ei tynnare olje laga for kaldt vêr. Då sørgjer du for at motoren ikkje får det tøft i vinterkulda.

God olje hjelper også motoren å jobbe meir effektivt, noko som betyr at du brukar mindre drivstoff. Det er jo bra for både lommeboka og miljøet.

Det tar ikkje lang tid å sjekke olja, men det kan spare deg for mykje hodebry seinare.

Smør gummilistene og låsane

Både elbilar og fossilbilar har mange dører, låsar og luker som kan fryse igjen når gradestokken snik seg under nullpunktet.

Har du dårleg tid om morgonen, er ikkje akkurat ei dør som har frose fast det første du ønskjer deg.

Viss du smør gummilistene rundt døra og ladeluka på elbilen med silikonspray eller silikonstift, førebyggjer du mykje.

Låsen brukar du litt låsolje på. Det er fort gjort å gløyme låsen, sidan den fysiske bilnøkkelen ikkje blir brukt like mykje lenger. Men elektronikken kan svikte deg – og har du smurt låsen blir du i alle fall ikkje låst ute frå bilen.

Sjekk bremsene og handbrekket

På glatte vegar, er det ekstra viktig at bremsene fungerer som dei skal.

Sidan elbilar bremsar når dei regenerer straum er det mange elbilistar som ikkje brukar bremsepedalen sin like mykje som dei som køyrer ein fossilbil. Det kan føre til at bremseskivene blir dekte med rust og skit som i verste fall gjer at bilen ikkje bremsar skikkeleg når du treng det.

Derfor bør du både rense bremseskivene grundig og ta ein ordentleg bremsetest i løpet av hausten. Køyr til eit lite trafikkert område og brems kraftig nokre gonger for å slipe av det som trengst på skivene.

Du bør også ta nokre kraftige bremsingar i løpet av vinteren for å halde bremseskivene reine.

Handbrekket har lett for å henge seg opp i kulda. Derfor bør du passe på å teste det ofte gjennom vinteren. Men ikkje la det stå på over ein lengre periode.

Ha vinterutstyret i orden

Om vinteren er det ein del ekstrautstyr du treng å ha i bilen din. Noko av utstyret treng du kvar dag, som isskrapen og snøkosten. Andre ting bør vere der i tilfelle noko skjer, som hurtigkjetting og slepetau.

Dette bør du alltid ha i bilen om vinteren:

  • God isskrape: For å fjerne is fra vindauga, så du ser vegen godt.
  • Snøkost: Swoosh og snøen er borte frå bilen, klar for køyreturen
  • Lommelykt: Kjekk å ha for å sjå klart viss du må stoppe eller fikse noko på bilen i mørket.
  • Refleksvest og varseltrekant: Gjer deg synleg i trafikken og varslar andre bilistar om ei hindring eller farleg situasjon.
  • Låsolje: Hindrar låsane i å fryse, så du slepp å stå ute i kulda.
  • Dekkvask/-rens: Reingjer dekka frå salt og skit, gir betre grep.
  • Startkablar med overspenningsvern: Gir bilen eit lite spark i rumpa viss batteriet gir opp.
  • Slepetau: Viss bilen streikar, er det godt å ha for å få hjelp til næraste verkstad.
  • Liten spade (gjerne samanleggbar): Hjelper deg å grave ut bilen viss den sit fast i snøen.
  • Hurtigkjetting eller autosokk: Ekstra grep på glatta, held  deg på vegen.
  • Ekstra varme klede, vottar/hanskar, hovudplagg og fottøy: Held deg varm viss du må vente i kulda.
  • Pledd: Gir ekstra varme viss du må vente i bilen i kaldt vêr.
Følg tipsa, så glir vintersesongen glatt på rett måte.

Ikke gløym bilforsikringa

Når du har følgt desse tipsa, vil bilen din vere godt førebudd på vinterens utfordringar. Men uansett vil ei solid bilforsikring vere den beste venen din gjennom vintermånadene. Med riktig forsikring er du dekt i tilfelle noko skjer.

Finn den forsikringa som passar for deg og bilen din her og køyr forsiktig.