1) Finn ut kva du treng
Før du startar jakta, må du spørje deg sjølv kva du skal bruke bilen til, og i kva prisklasse du vil leite, er rådet frå kommunikasjonsrådgivar i NAF, Jan Ivar Engebretsen.

Bur du i byen med tronge parkeringsplassar, treng du kanskje ein liten bil. Skal du derimot ha plass til barnevogn, er behovet større for ei stasjonsvogn.

- Start med å finne tre ulike bilar i riktig prisklasse og segment, seier Engebretsen.

2) La forhandlarane kjempe om deg
No er turen komen for å la forhandlarane overtyde deg.

- Gå til dei ulike forhandlarane og si som det er: At du er interessert i bilen, men at du også ser på bilar hos andre forhandlarar. Då ser du kven som er villige til å kutte prisen, seier Engebretsen.

Rådet gjeld også om du skal kjøpe nybil

- Då er det vanskelegare å få avslag i pris, men du kan til gjengjeld få med meir ekstrautstyr, forklarer han.

3) Kjøp ein to år gammal bil
Det lønner seg også å kjøpe brukt. Aller best er det om bilen er eit par år gammalt.

- Bilen fell mest i verdi dei fyrste par-tre årene den er i bruk. Ein bil som er to år gamle er framleis ganske nye, rimelegare, og er venteleg ferdige med alle barnesjukdomar. Med dagens bilar har du framleis nybilgaranti også, seier Jan Ivar Engebretsen i NAF.