Viltpåkøyrsler kan skje heile året, men som bilist bør du vere meir oppmerksam på dyr etter vegen i vinterhalvåret. Den mørke årstida gjer det vanskeleg å oppdage dyr, og mykje snø kan gjere at dyra trekkjer mot vegen.

Korleis unngå viltpåkøyrsel?

  • Avpass farten: Dersom staden du køyrer på er skilta med fare for vilt, senk farten og bruk blikket godt etter dyr langs vegen. Avpass farten etter føre, sikt, miljø og skilt.
  • Sørg for god sikt: Viltet vandrar spesielt i skumring, grålysning og på natta. Sørg for god sikt og bra lys på din bil.

Kva bør eg gjere dersom eg har hatt ein viltpåkøyrsel?
Dersom påkøyrselen har skjedd, er det nokre ting du kan og bør gjere for å skåne dyret og sikre medtrafikantar.

Følg denne sjekklista:

  • Sett på naudblink, ta på refleksvest og sikre staden med varseltrekant.
  • Få oversikt over eventuelle skadde personar, og gi fyrstehjelp.
  • Ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  • Meld i frå. Ring politiet på 02 800. Varslingsplikt gjeld uansett om du er med eller utan skuld i trafikkuhellet.
  • Merk påkøyrselstaden. For å hjelpe Viltnemnda med å kunne spore dyret kan du merke staden med ein refleksvest eller noko anna du har liggande i bilen.
  • Følg aldri etter eit skada dyr sjølv. Det kan både vere farleg og vanskeleggjer ettersøks-hunden sitt arbeid.

Det er di plikt å melde frå om påkøyrd dyr
Viltlova fastslår at det er ikkje straffbart å køyre på eit dyr, men det kan vere straffbart dersom du unnlèt å melde frå. Ingen bonustap Som kunde i Eika Forsikring får du ikkje bonustap ved viltpåkøyrsler dersom påkøyrsla er meldt til politiet eller viltnemnda.

Kva for forsikring dekkjer viltpåkøyrsel
Dersom bilen din får skadar på grunn av ein viltpåkøyrsel tek du kontakt med oss for hjelp. Bil Pluss og Kasko er dei forsikringane som dekkjer skadar på eigen bil ved viltpåkøyrsel. Eigenandelen din vil også bli redusert med 4000 kroner.

Kjelde: Miljodirektoratet.no