Tenk deg skrekkscenarioet der huset ditt brenn. Alt du eig blir borte i brannen. Neste dag tek du kontakt med forsikringsselskapet ditt og oppdagar at du ikkje har oppgradert innbuforsikringa sidan du var ung og singel.

- Dessverre ser vi dette ganske ofte. Du teiknar innbuforsikring første gong du flytter i eige leilegheit. Etter kvart blir familien større, og med det aukar gjerne både levestandard og mengda ting i huset. Men vi gløymer å auke forsikringssummen i takt med eigedelane våre, seier Anne Hyttemoen, salgssjef i Eika Forsikring som blir tilbydd gjennom din lokalbank.

Sjølv har ho jobba med forsikring i over 30 år, og ser ein klar tendens til at vi både eig fleire og dyrare ting i dag enn tidlegare.

- Vi har for eksempel langt fleire TV-ar i huset, og ei seng som tidlegare blei forsikra for fem tusen kroner, er i dag verdt kanskje 20.000 kroner, seier ho.

Ta bilete av tinga dine
Dersom skaden har skjedd, korleis dokumenterer du kva du faktisk hadde? Innbuforsikringa dekkjer nemleg alt lausøyre i huset ditt, frå klede, møbel, ting og tang.

Anne Hyttemoen anbefaler alle å ta bilete med mobilen sin og lagre i nettskya.

- Det er så lett å gløyme kva ein faktisk har i alle skap og skuffar. Bileta kan både vere dokumentasjon, og fungere som hugseliste. Det er utruleg kva vi eig når det kjem til stykket, smiler ho.

Ta nokre forholdsreglar
Heldigvis er det dei færraste av oss som opplever brann. Men innbuforsikringa er god å ha i andre samanhengar også, for eksempel ved tjuveri.

- Men det er viktig at alle tek forholdsreglane sine. Vindauge skal vere lukka og dører låste. Og vil du ha dekt tjuveri frå garasjen din, må også denne låsast, forklarer Hyttemoen.

Innbuforsikringa dekkjer dessutan sykkelen din dersom du er flink til å låse den.

- Ta vare på tinga dine, så er vi der dersom ulukka likevel skulle ramme deg, seier Hyttemoen.

Spesialpakkar for unge
Salssjefen anbefaler også ungdom som studerer å ha eiga innbuforsikring, til tross for at dei er dekte av foreldra sin. Dette fordi du som «bortebuar» ikkje får dekka alt gjennom foreldra dine.

- Blir du utsett for brann eller vasskade på hybelen din og må flytte ut, dekkjer ikkje foreldra si innbuforsikring ein ny stad å bu. Må du for eksempel flytte på hotell kan det bli dyrt, seier ho.

Eika har derfor utvikla ein eigen ungdomspakke, der innbu er inkludert.

- Det er dessutan bra å etablere gode forsikringsvaner. Vi ser dessverre ofte at unge gløymer å teikne innbuforsikring når dei skaffar seg sitt eige, nettopp fordi dei i mange år har vore dekt gjennom foreldra sine ordningar, seier Hyttemoen.

Kva med ting som veltar?
Salssjefen har også ei siste oppfordring til deg som no vil sjå litt ekstra på innbuforsikringa di. For 250 kroner ekstra i året får du nemleg produktet Innbo Pluss.

- Då mi vesle dotter for nokre år tilbake klatra i seksjonen i stova slik at den raste inn i veggen, knuste alle glasa mine. Då var eg glad eg hadde Pluss-dekning. Tilleggsdekninga her dekkjer nemleg skader som følgje av at ting veltar eller blir skadd under flytting, fortel Hyttemoen.