Ski og utstyr blir gjerne stole frå alpinanlegg, utanfor afterskien, frå hytteveggen og frå skiboksar på taket.

Pass på skiutstyret 

Her er tipsa våre for å halde tjuvane unna skiutstyret: 

  • Bruk dei låsbare skistativa i skianlegga eller sørg for at somme passar på skiene.
  • Skaff deg ein enkel skilås, desse blir selde i utvalde sportsbutikkar og skisentre.
  • Dersom du ikkje har lås kan det hjelpe å setje frå seg skiene separat, tjuven er ikkje interessert i berre ein ski og vil sjeldan ha tid til å leite.
  • Ikkje bruk skiboks som lagringsplass for skiene.
  • Unngå å setje skiene inntil hytteveggen dersom det kan vere lett for tjuvar å få dei med seg derfrå.

Kva om skiutstyret ikkje blir stole, men øydelagt?

Skulle du vere så uheldig at skiene dine brekker som følgje av eit fall, er det dessverre lite å hente på forsikringa, opplyser Anita Tomter, Skadesjef i Eika Forsikring. Ski og sportsutstyr blir ikkje erstatta ved skadar som skjer mens du bruker skiutstyret, så vis skivett i bakken, oppmodar ho.

Kva om du sjølv blir skadd?

- Reiseforsikringa vil alltid vere god å ha om du sjølv skulle vere så uheldig å bli skadd i ei ulukke i skibakken. Då får du dekt dokumenterte utgifter til lege, medisinar, transport og liknande. Dersom det medisinske personalet må klippe opp kleda som følgje av ei hending vil du også få erstatta kleda, fortel Tomter.

Her finn du meir informasjon om reiseforsikringa vår.

Hugs også:

  • Bruk hjelm.
  • Alkohol og skikøyring passar ikkje saman.

Vi ønsker alle ei god og sikker påske i alpinbakken!