Før du flytter
- Planlegg i god tid, helst fleire veker i førevegen. Fastset datoen og set opp ei liste over kva som skal gjerast.
- Samle flytteesker på førehand. Du treng fleire enn du trur.
- Hugs å ordne straum, TV, breiband og avisabonnement god tid i førevegen.
- Sørg for at du og den nye bustaden din er godt forsikra. Vår forsikringspakke for unge sørgjer for at du er godt dekt heime og på reise.
Under flyttinga
- Merk alle flytteeskene godt før dei blir borne i bilen. Kjøkkenting bur i ei kasse, pyntegjenstandar i ein annan.
- Få hjelp av gode venner til bæring og sjauing. Kanskje er det også nokre av dei som har ein stor bil eller hengjar?
- Ikkje lyft for tungt. Det er fort gjort å bli overivrig!
- Ta med nøkkel kvar gong du ber ting ut og inn, spesielt om du flytter til leilegheit. Det er kjipt å låse seg ute.
- Parker lovleg, så unngår du bot mens du flytter.
På plass i ny heim
- Meld frå om adresseforandring. Du er pliktig å melde ny adresse til Folkreregisteret seinast åtte dagar etter flytting.
- Pakk ut med ein gong og ver systematisk.
- Hugs å løne dei som har hjelpt deg å flytte.
Vi ønskjer deg lukke til med flyttinga! Treng du hjelp frå ein av forsikringsrådgivarane våre? Ta kontakt med oss her.