Kvifor bør eg ha ei betalingsforsikring?

Betalingsforsikringa vår dekker det månadlege terminbeløpet ditt på ditt billån dersom du skulle blir arbeidsledig/permittert, sjukemeldt, innlagt på sjukehus eller opplever samlivsbrot. I tillegg dekker forsikringa uteståande restgjeld på lånet ditt ved dødsfall. Sjå fullstendige vilkår.

Kva er prisen på ei betalingsforsikring?

Prisen blir rekna utor ein prosentsats av det månadlege terminbeløpet ditt. Forsikringa blir dermed betalt på same faktura som lånet, og du vil med god oversikt kunna sjå kor stor del av fakturabeløpet som utgjer sjølve betalingsforsikringa. Prisen er 7,9 % av terminbeløpet på lån til bil og andre køyretøy.

Viss du t.d. betaler 2500 kr på lånet så kjem betalingsforsikringa på ca 198 kr. Det blir totalt 2698 kr/mnd for lån med betalingsforsikring.

Slik kjøper du betalingsforsikring

Forsikringa kan kjøpast i samband med lånet eller gjennom å kontakta oss på e-post eller telefon. Du må samtidig kunna stadfesta nokre opplysningar.

  • Du må ha vore fast tilsett/lærling i minimum 50 % stilling i minst 6 månader eller sjølvstendig næringdrivende.
  • Du kan ikkje ha vore sjukemeldt i meir enn 30 dagar samanhengande siste 12 månader og får ikkje sjukepengar, AAP, uføretrygd eller liknande stønad eller erstatning.
  • Du kan ikkje vera kjent med eller å ha grunn til å rekna med permisjon, sjukdom eller sjukemelding.

Melde skade?

Du melder enkelt skade gjennom å klikka på pila her under. Du kjem då til eit elektronisk skademeldingsskjema. Sakbehandler er Crawford & Company, og kan kontaktast på telefon 67 55 25 00 eller e-post: company@crawco.no.

Ofte stilte spørsmål