Hopp til innholdet

Eigen pensjonskonto

Eigen pensjonskonto (EPK) er ein samlekonto for pensjonen din. Kontoen gjer det enklare for deg å få oversikt over pensjonen du opparbeider deg, og å spare til pensjonisttilværet. Vi hjelper deg gjerne med pensjonssparinga di!

Eigen pensjonskonto (EPK)

Eigen pensjonskonto samlar all pensjon du har opptent, både frå noverande arbeidsgivar og frå tidlegare arbeidsplassar.

Dette gjer at du enkelt kan få betre oversikt og kontroll over kor mykje pensjon du til einkvar tid har spart opp. Du kan sjølv velje korleis pensjonspengane dine skal investerast. Dette gjer du ved å velje ein risikoprofil ut ifrå kor stor andel aksjar du ønskjer å investere i. Vi hjelper deg gjerne med å finne ut av riktig risikoprofil for pensjonssparing. Din eigen pensjonskonto følgjer deg gjennom arbeidslivet og eventuelle ulike arbeidsgivarar.

Vel mellom ulike pensjonsprofilar

Eika 100 % Aksjar er ein spareprofil der 100 % av sparepengane vert plasserte i verdipapirfondet Eika Aksjar. Eika Aksjar er eit fond som investerer midlane sine i andre aksjefond forvalta av Eika Kapitalforvaltning AS.

Eika Aksjar investerer i følgjande fond og med desse normalvektene:

  • 50 % i Eika Global
  • 25 % i Eika Norden
  • 20 % i Eika Norge
  • 5 % i Eika Utbytte

Profilen vert rebalansert til normalvekt minst éin gong i året, og uansett ved avvik frå normalvekta på meir enn 5 %.

Les meir om Eika 100 % aksjar

 

Eika Livssyklus er ein spareprofil der sparepengane vert plasserte i aksje- og rentefond forvalta av Eika Kapitalforvaltning AS. Gjennom profilen vil ein vere investert i 100 % aksjar fram til ein fyller 60 år. I perioden frå ein er 60 til ein fyller 67 år, vert risikoen i profilen gradvis redusert ved at aksjeandelen vert redusert til 40 %, medan renteandelen vert auka til 60 %.

Aksjedelen i profilen vert plassert i verdipapirfondet Eika Aksjar. Eika Aksjar er eit fond der sparepengane vert plasserte i andre aksjefond forvalta av Eika Kapitalforvaltning AS.

Eika Aksjar investerer i følgjande fond og med desse normalvektene:

  • 50 % i Eika Global
  • 25 % i Eika Norden
  • 20 % i Eika Norge
  • 5 % i Eika Utbytte

Profilen vert rebalansert til normalvekt minst éin gong i året, og uansett ved avvik frå normalvekta på meir enn 5 %.

Etter at ein har fylt 60 år, vert aksjeandelen gradvis redusert fram til pensjonsalderen (67 år). I denne nedvektingstida vert rentedelen av pensjonskapitalen plassert gjennom spareprofilen «Eika Sjølvvalt Forsiktig», der midlane vert investerte i rentefonda Eika Sparebank, Eika Obligasjon og Eika Kreditt. Ved fylte 67 år vil kunden si portefølje såleis vere fordelt med 40 prosent aksjar og 60 prosent renter.

Les meir om Eika Livssyklus

 

Eika Moderat er ein spareprofil der sparepengane vert plasserte i aksje- og rentefond forvalta av Eika Kapitalforvaltning AS. Gjennom profilen vil ein normalt vere investert med 65 % aksjar og 35 % renter. Plasseringane vert rebalanserte til normalvekt minst éin gong i året, og uansett ved avvik frå normalvekta på meir enn 5 %.

Aksjeandelen i profilen vert investert i verdipapirfondet Eika Aksjar, som er eit fond der sparepengane vert plasserte i andre aksjefond forvalta av Eika Kapitalforvaltning AS.

Eika Aksjar investerer i følgjande fond og med desse normalvektene:

  • 50 % i Eika Global
  • 25 % i Eika Norden
  • 20 % i Eika Norge
  • 5 % i Eika Utbytte

Rentedelen i profilen vert plassert gjennom spareprofilen «Eika Sjølvvalt Forsiktig», der midlane vert investerte i rentefonda Eika Sparebank (med normalvekt 36 %), Eika Obligasjon (med normalvekt 36 %) og Eika Kreditt (med normalvekt 28 %).

Les meir om Eika Moderat

 

Eika Forsiktig er ein spareprofil der sparepengane vert plasserte i rentefond forvalta av Eika Kapitalforvaltning AS. Profilen består av investeringar i følgjande fond og med desse normalvektene:

  • 36 % i verdipapirfondet Eika Sparebank
  • 36 % i verdipapirfondet Eika Obligasjon
  • 28 % i verdipapirfondet Eika Kreditt

Plasseringane vert rebalanserte til normalvekt minst éin gong i året, og uansett ved avvik frå normalvekta på meir enn 5 %.

Profilen kan i periodar ha mindre enn 100 % i rentepapir, sidan dei underliggjande fonda i periodar kan ha noko av eksponeringa si i bankinnskot.

Les meir om Eika Forsiktig 100 % renter

Dette lurer mange på om pensjon

Du kan sjølv bestemme kvar du ønskjer å ha pensjonen din. Du kan velje å ha pensjonskontoen din hos den leverandøren som arbeidsgivar har valt, eller du kan velje ein annan leverandør.

I tillegg til å bestemme kva leverandør du ønskjer at pensjonen din skal plasserast hos, kan du også velje mellom ulike risikoprofilar. Eit val er å behalde den profilen som arbeidsgivaren din har valt for deg. Eit anna val er å bestemme ein risikoprofil avhengig av kor stor andel av aksjar og renter du ønskjer å spare i. Desto høgare andel aksjar, desto større risiko. Motsatt er det lågare risiko med lågare andel aksjar, noko som kan resultere i lågare avkastning på pensjonssparinga di. Det er også mogleg å justere andelen aksjar avhengig av alder, for eksempel med profilen som heiter Eika Sjølvvalt Livssyklus. Ein slik profil vil automatisk justere ned risiko og aksjeandel jo eldre du blir.

Det finst fleire fordelar med eigen pensjonskonto:

  • Du kan enklare ta eit meir aktivt eigarskap til eigen pensjonssparing
  • Du får enkelt oversikt over pensjonspengane dine frå noverande arbeidsgivar og tidlegare arbeidsplassar
  • Ved å samle opptent pensjon på éin konto, sparer du gebyr fordi du ikkje må betale for fleire kontoar
  • Dersom du har kontoen din hos den leverandøren som arbeidsgivaren din har valt, er det arbeidsgivar som betalar gebyret for kontoen
  • Dersom du har valt leverandør sjølv, er det du som betalar gebyret for kontoen. Men gebyret som arbeidsgivar måtte ha betalt for deg, får du direkte.

Ja, og det kan vere lurt å ha eigen pensjonskonto i banken. Dette er fordi:

  • Du får betre oversikt over eigen økonomi når alt er samla på eitt og same stad
  • Det er enklare for deg å berre ha éin aktør å forholde deg til
  • Når økonomien din er samla på eitt og same stad, kan det vere enklare for rådgjevar i banken å tilby personleg rådgjeving for deg og dine behov – i dag og for framtida
Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.