Hopp til innholdet

Hurra du er 18!

Velkomen til vaksenlivet – dette må du vite når du fyller 18 år.

Viktige ting å gjere først

Gratulerer! No er du økonomisjef i ditt eige liv. Her finn du alt du treng for å kome i gang med bank, kort, sparing og tryggleik.

BankID – sikre din digitale ID og unngå svindel

Byt passord med ein gong dersom andre har hatt tilgang til det tidlegare. Del aldri passordet med nokon – ikkje ein gong politi, foreldre eller vener. Om nokon skal ha tilgang til kontoen din, kan du opprette dei som disponent i staden.

Har du ikkje BankID? Då må du møte opp hos oss med pass eller nasjonalt ID-kort.

Mobilbank – få full oversikt over økonomien din

  • Sett på push-varsel
  • Oppdater kontaktinformasjonen
  • Bestill vaksenkort når ungdomskortet går ut
  • Send spørsmål til oss via melding frå mobilbanken
  • Sett opp ein bufferkonto – 100 kr/mnd er ein god start.

Må eg bestille nytt kort når eg fyller 18?

Du kan halde fram med å bruke ungdomskortet ditt fram til utløpsdatoen, men neste gong du treng eit nytt bankkort, kan du bestille eit VISA vaksenkort. Kortet gir deg full tilgang til alle bankens tenester som myndig.

Dersom du reiser mykje eller handlar på nett og i appar, kan det vere lurt å ha eit kredittkort. Det gir deg ekstra tryggleik ved netthandel og kan vere ei trygg løysing på reise. Hugs at du bør betale heile rekninga kvar månad for å unngå renter.

Digitale lommebøker – Apple Pay, Google Pay og Vipps

Slepp å ta med deg bankkortet – betal raskt og trygt med mobilen! Våre bankkort er laga miljøvennlege, men kvifor ikkje gjere kvardagen endå enklare? 

  • Apple Pay – betal med iPhone eller Apple Watch
  • Google Pay – betal med Android-mobilen
  • Vipps – aktiver tæpping – det fungerer på alle telefonar

Bruk den digitale lommeboka du føretrekk. Du kan ha fleire lommebøker og fleire kort. Det er enklast å kome i gang i mobilbanken.

Lurer du på kvifor vi har ringt deg?

Mange unge synest det er litt rart og stressande når banken ringer. Det forstår vi! Men ingen fare;

Vi vil tilby ein gratis og uforpliktande rådgivingstime der du kan få økonomitips – kom åleine eller saman med ein ven eller føresett.

Viktig å vite når du fyller 18 år:

  • Oppdater legitimasjonen din i mobilbanken – vi må ha gyldig ID på deg.
  • Foreldra eller verjer vil ikkje lenger ha tilgang til kontoen din (med mindre du gir dei disposisjonsrett).
  • Du må ha nettbankavtale for å bruke Vipps og mobilbank.

Ofte stilte spørsmål om det å fylle 18 år og bli myndig

Dersom andre har hatt tilgang til BankID-en din tidlegare, bør du byte passord no. BankID er din personlege digitale identitet, og passordet skal aldri delast med nokon – ikkje ein gong foreldre eller vener.

Slik byter du passord:

I nettbanken: Når du loggar på med BankID, stopp før du skriv inn passordet. Skriv inn fødselsnummeret ditt (11 siffer), vel menyen oppe til høgre i påloggingsvindauget, og følg instruksjonane.

I BankID-appen: Endå enklare – gå til innstillingane og byt passord direkte i appen.

Byt passord no for å sikre BankID-en din!

Foreldre og verjer vil ikkje lenger ha tilgang til kontoen din automatisk. Om du vil at dei skal kunne sjå kontoen din, kan du gi dei tilgang som disponent i nettbanken.

Du må òg signere eit kundeerklæringsskjema, som består av nokre få spørsmål om kvar pengane dine kjem frå, og korleis du har tenkt å bruke banken. I tillegg må vi vite om du skal sende eller motta pengar frå utlandet, og om du er, eller har tilknyting til, ein politisk person. Det siste gjeld dei færraste, men vi er pålagde av styresmaktene å stille dette spørsmålet.

Dersom du har eit ungdomskort, kan du bruke det til det går ut. Deretter kan du få deg eit VISA vaksenkort. Det kan du enkelt bestille i mobilbanken.

Når du fyller 18 år, må du svare på nokre spørsmål for å stadfeste kven du er og korleis du brukar banken. Dette kallast KYC (Know Your Customer) og er ein viktig del av alle bankane sine tryggingsrutinar.

Vi treng at du fyller ut eit kundeerklæringsskjema, som består av 4 spørsmål:

  • Kvar kjem pengane dine frå? (for eksempel løn, stipend, gåver)
  • Korleis brukar du banken? (sparing, lønskonto, daglege betalingar)
  • Skal du overføre pengar til eller motta pengar frå utlandet?
  • Har du ei tilknyting til politisk eksponerte personar? (Dette gjeld svært få, men alle bankar må spørje)

Og elles er vi veldig interesserte i å hjelpe alle unge i gang med personleg økonomi. Difor vil vi gjerne tilby ein gratis rådgivingssamtale. Kanskje du treng eit vaksenkort, eller råd rundt personleg økonomi slik at du oppnår draumane dine og måla dine? Det kan lønne seg å ta telefonen når vi ringer. Vi snakkast.

Ein disponent er ein person du gir løyve til å bruke kontoen din, for eksempel ein forelder eller sambuar.

Kva kan ein disponent gjere?

  • Betale rekningar og overføre pengar frå kontoen din
  • Sjå saldo og bevegingar på kontoen
  • Bruke kontoen i nettbanken eller mobilbanken

Kva kan ein disponent ikkje gjere?

  • Ta opp lån eller kreditt i ditt namn
  • Bestille nytt kort eller BankID for deg
  • Endre kontoavtalar

Korleis gir eg nokon tilgang til kontoen min?

Du kan leggje til ein disponent i mobil- eller nettbanken eller ved å kontakte oss. Den som skal få tilgang, må signere ein avtale og bruke sin eigen BankID.