Dobbelttrykk på sideknappen eller Hjem-knappen på iPhone, godkjenn med Face ID, Touch ID eller koden din, og hald deretter eininga inntil kortlesaren for å betale.
Med Apple Watch dobbelttrykker du på sideknappen og held eininga inntil kortlesaren for å fullføre betalinga.
Når du handlar på nett eller i appar, trykker du på knappen, stadfestar betalings- og leveringsinformasjon, og deretter godkjenner du med Face ID, Touch ID eller koden din.
Ofte stilte spørsmål om Apple Pay
Ja, mobilbetaling med Apple Pay er svært trygg. Kortnummeret ditt blir ikkje lagra verken på eininga eller hos brukarstader. Kvar transaksjon må godkjennast med Face ID, Touch ID eller ein trygg kode.
Om du mistar eininga di, kan du bruke Finn iPhone for å deaktivere Apple Pay eller fjerne korta frå eininga, sjølv om ho er offline.
Du kan leggje til kort som er opne for netthandel, inkludert ungdomskort, vaksenkort, kredittkort og bedriftskort.
Apple Pay fungerer med alle iPhone-modellar som støttar Face ID eller Touch ID, bortsett frå iPhone 5s.
Ja, Apple Pay gjer det enkelt å betale på nett med Safari på iPhone, iPad og Mac. Du kan også bruke Apple Pay i appar som støttar tenesta.
Du får full oversikt over alle betalingar i mobilbanken. Dei siste transaksjonane kan også sjåast i Apple Lommebok, der du finn detaljar om kvar og når du betalte.
Det er enkelt å leggje til kortet ditt i Apple Pay via mobilbanken! Gå til "Kort", vel kortet du vil leggje inn, og trykk på "Legg til i Apple Lommebok" nedst på sida. Følg stega på skjermen, så er du klar til å betale raskt og trygt med mobilen din.