Hopp til innholdet
Kvinne klipper bankkortet sitt.

Nye bruksområde for gamle kort

Kan du resirkulere ditt gamle kort? Javisst kan du det, men det er nokre ting du bør tenkje på før du sender kortet til gjenvinning.

Dette må du tenkje på når du skal kvitte deg med kortet ditt

Så fint du tenkjer på miljøet! Det gjer nemleg vi også – visste du at ditt nye kort er laga av resirkulert plast? Når det no er på tide å kvitte seg med ditt gamle kort, kan du enten kaste det i restavfallet, eller du kan sende det til gjenvinning. Sjekk med din lokale avfallsstasjon om korleis bankkort skal sorterast – nokre har ikkje eiga gjenvinning for plast, og då må det uansett gå som restavfall.

Når du skal kaste bankkortet ditt, er det to ting du må tenkje på:

  • Klipp kortet i fleire delar. Gjerne rett over kortnummeret på langs slik at kortnummeret ikkje er synleg om nokon skulle finne dei ulike delane.
  • Den vesle chipen i kortet kan ikkje resirkulerast som plast, så den må klippast ut og kastast i restavfallet (klipp gjerne over chipen slik at den ikkje kan lesast lenger).

Finn nye bruksområde for kortet ditt

Dersom kortet ikkje er utgått på dato, bør du sperre kortet før du gyver laus på desse smarte løysingane for å finne nye bruksområde for ditt gamle kort.

Mobilstativ

Ser du mykje på telefonen, så er gamle bankkort ein enkel, miljøvennleg og ikkje minst billig måte å lage eit eige mobilstativ. Brett kortet på høgre side 1,5 cm oppover og venstre side ca. 3 cm nedover. Enkelt, sant? No slepp du slitne fingrar framover.

Bokmerke

Å bruke kortet som eit bokmerke er veldig enkelt. Er du ein kreativ type, kan du lime på litt farga papir, kanskje eit bilete av noko du likar, så har du eit personleg bokmerke som varer lenge.

Lag eit gitarplekter

Finn fram saksen så kan du klippe ut fleire plekter frå det gamle kortet ditt. Har du noko ekstra maling liggande, kan du setje ditt eige preg på dei.

Skohorn

Har du nokon gong tatt av deg skoa ein stad der dei ikkje har skohorn? Ja, det er irriterande, men har du eit gammalt bankkort i lommeboka, kan du enkelt få på deg skoa utan å øydeleggje fingrane eller baksida av skoa.

Haldar til øyrepluggar

Lei av øyrepluggar som surrar seg saman til ein einaste stor krøll? Lag ein genial øyreplugghaldar så slepp du krøll på lina. Bruk ein holmaskin og lag to hol på den eine sida. Klipp eit lite kutt inn mot holet slik at du kan feste øyrepluggane der. Surr leidningen rundt kortet. På den andre sida lagar du eit hol til kontakten.