Hopp til innholdet

Om Vekselbanken

Vekselbanken legg vekt på å vera ein menneskeorientert og tilgjengeleg bank, og der våre kundar alltid skal møte ein av våre dyktige tilsette når dei kjem innom banken, ringjer oss på telefon eller sender e-post. Me trur framleis at menneske best kan hjelpe menneske når det er snakk om å gje gode råd og god service.

Vekselbanken sitt hovudkontor

Unn deg ein lokalbank

Folk likar folk er ei god rettesnor hjå oss. Hjå oss er du ikkje berre ein kunde, men ein viktig del av fellesskapen. Fellesskap banken investerer i gjennom lokale prosjekt som bidreg til utvikling av nærmiljøet.

Vekselbanken

Vekselbanken er ein lokalbank lokalisert på Voss og i Eidfjord i indre Vestland fylke. Me er ein liten bank der alle kundar er store.

Banken tilbyr eit komplett sett av finansielle tenester, og med alle typar produkt innanfor daglegbank, finansiering, sparing og forsikring. Samtidig er me liten nok til å gje deg den tida, den personlege kontakten og den gode servicen du forventar og fortener. Banken er også medeigar i eit eigedomsmeklar føretak - Aktiv Voss.

Vekselbanken er ein sjølvstendig bank, og banken har ei stolt historie som ein lokalbank i indre Vestland. Banken vart skipa i 1899, og har vore ein viktig samfunnsinstitusjon både for kundar, eigarar, tilsette og for alle dei lag og organisasjonar me støttar.

Banken er medeigar i Eika Gruppen AS, og samarbeidar med 50 andre bankar gjennom Eika Alliansen.

 

Finanshuset Vekselbanken

Banken tilbyr eit fullserviceprodukt innan bank- og forsikringtenester til privatpersonar, bedrifter og landbruk. Banken har dei siste åra fått svært gode tilbakemeldingar frå kundane i dei årlege kundeundersøkingane, og har lege heilt i toppen i dei nasjonale målingane. Dette har gjeve banken ei stadfesting om at me leverer høgkvalitets service, produkt og tenester.

Vekselbanken er lokalisert på Voss og i Eidfjord.

  • Voss, hovudkontoret til banken.
  • Eidfjord, eit fullservice rådgjevarkontor.
  • Aktiv Voss, eigedomsmeklar som inngår i bankkonsernet.