Hopp til innholdet
Ikkje alle ønskjer seg ein digital kvardag.
Kredittkort

Treng du eit mindre digitalt kredittkort?

Nokre likar framleis å handtere kvardagen sin på «den gamle», analoge måten.

Analoge tenester for deg som treng det

Både samfunnet og bankane sine produkt og tenester er i stadig endring, og det meste blir stadig meir digitalisert. Likevel er det ikkje alle kundar som ønskjer å vere heilt digitale eller har moglegheit til å handtere sin bankkvardag elektronisk på nett.

Er du ein av dei som framleis likar å gjere ting på «den gamle» måten, eller har behov for assistanse når det kjem til bruk av digitale løysingar? Vi har samla alt du treng å vite om våre analoge korttenester i samband med våre kredittkort.

Lurer du på noko?

Ta ein prat med oss:

Telefon: (+47) 915 03 850
E-post: kundesenter@eika.no

Opningstider
Måndag - fredag (kl. 08.00 - 16.00)

Det aller viktigaste først

Er du en av dem som ikkje har BankID eller ikkje kan få BankID, har vi moglegheit til å utføre legitimasjonskontroll på følgande vis:

  1. Du må oversende bevitna kopi av gyldig legitimasjon per post.

Gyldig legitimasjon er:

  • Norske og utanlandske pass (ikkje naudpass)
  • Norske nasjonale ID-kort
  • Norske førarkort
  • Norske bankkort med bilde
  • Nasjonale ID-kort utstedt av eit EØS-land (ein oversikt over desse er presentert i utlendingsforskrifta vedlegg 4)
  • Norsk utlendingspass (blått pass)
  • Norsk reisebevis for flyktningar (grønt pass)

      2. Ein bevitna kopi av legitimasjon betyr at riktigheit av dokumentet er bekrefta av to vitne eller annan dokumentasjon i tillegg – for eksempel kopi av sjølvmelding eller anna dokument utstedt av offentleg myndigheit.

Ønskjer du å bruke privatpersonar som vitne, må desse vere over 18 år og busett i Noreg. Vitna må oppgi følgande informasjon og signere på sjølve arket med legitimasjonskopien:

  • Fullt namn
  • Fødselsdato
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • Bekrefte at dokumentet er rett kopi og at det tilhøyrer vedkommande som må legitimerast
  • Stad/dato

Høyrest dette komplisert ut, har vi utarbeidd eit eige skjema du kan nytte deg av. Ta kontakt med oss for å få skjemaet tilsendt per post.

For at vi skal kunne tilby sikre analoge korttenester, må vi innhente kopi av legitimasjon manuelt. Både kopi av pass og førarkort inneheld sensitive personopplysningar som for eksempel ditt personnummer. Vi ønskjer ikkje at slike opplysningar skal sendast på e-post, og dermed er vi nødt til å bruke brevkorrespondanse som einaste form for sikker kommunikasjon.

Har vi spørsmål vi ønskjer å oppklare i forhold til skriftlege henvendingar vi har mottatt frå deg, vil vi kontakte deg per telefon. Ved å ta ein prat unngår vi mogelege misforståingar og kan avtale prosessen vidare i den aktuelle saka.

Du kan nå oss per post ved å sende eit brev eller anna korrespondanse til:
Eika kundesenter,
Postboks 1228,
2806 Gjøvik
Ønskjer du å gi fullmakt til andre for å handtere ditt kredittkort, må du sende oss ei skriftleg henvending om dette per post (brev). Legg ved bevitna kopi av legitimasjon. Ta ein titt på førre avsnitt for meir informasjon om dette.

Så snart henvendinga er mottatt, vil vi sende deg fullmaktsskjema for utfylling og signering. Vi vil også gi deg ei kort beskriving av prosessen vidare.

Ønskjer du at fullmaktsinnehavar skal ha eit tilleggskredittkort tilknytt di kredittkortavtale, kan du spesifisere dette i brevet du sender til oss. I det tilfellet vil du motta ytterlegare dokumentasjon som må fyllast ut.

Eit tilleggskredittkort er eit kort tilknytt same konto og kredittgrense som ditt eige kort, men som står registrert i fullmaktsinnehavarens namn. Kjøp gjort med tilleggskortet blir fakturert på same faktura som kjøp utført med ditt hovudkort.

Spørsmål og svar om "analog" søknad

Ønsker du å søke om kredittkort må du sende oss en skriftlig henvendelse om dette per post (brev).

Du må bekrefte at du ikke har BankID eller tilgang til digitale tjenester som for eksempel nett- og mobilbank for å kunne søke om kredittkortet manuelt.

Når henvendelsen er mottatt, vil vi sende deg nødvendige dokumenter og en beskrivelse av den videre prosessen per post. Vi kan sende dokumentene kun til din folkeregistrerte adresse og anbefaler at du sjekker at denne er korrekt.

For deg som allereie har eit kredittkort

Ønsker du å vite saldo på kredittkortet ditt eller få tilsendt transaksjonsoversikt som viser rørsler på kortet for ein bestemt periode, ta kontakt med kundesenteret på telefon (+47) 915 03 850 så hjelper vi deg.

Ønsker du å overføre penger fra kredittkortet ditt til en annen konto, må du sende oss ei skriftleg henvending om dette per post (brev). Sammen med brevet må du legge ved bevitna kopi av legitimasjon. Ta ein titt på forrige avsnitt for meir informasjon om dette.

Du må oppgi følgande informasjon i brevet:

  • Beløpet du ønsker å overføre (minste beløp for overføring kr 1 000, 50 kroner i gebyr kjem i tillegg)
  • Kontonummeret beløpet skal overførast til. Mottakars konto må vere i ein annan norsk bank, vi kan ikkje overføre pengar fra kredittkortet til kontoar i utlandet.
  • Du må bekrefte at du godtar gebyret for overføring fra kort til konto på 100 kroner og rentebelastning fra den dagen pengane overførast.

Vi vil utføre utbetalinga så snart brevet er mottatt så lenge det er tilgjengelig kreditt på kredittkortet. Behøver vi meir informasjon eller treng å avklare noko med deg før utbetalinga finn stad vil vi kontakte deg per telefon.





Ønsker du å sperre ditt kredittkort, kan du gjere dette ved å:

  • ringe vår døgnopne sperreteneste per telefon +47 915 03 850
  • kontakte kundesenteret per telefon +47 915 03 850 og snakke med ein av våre hyggelege rådgjevarar

Du kan sperre kortet permanent og bestille eit nytt eller legge til ei mellombels sperre slik at det kan opnast igjen på eit seinare tidspunkt.

Ikkje bekymre deg, vi kan sende deg nytt PIN-brev per post. Ta kontakt med kundesenteret per telefon +47 915 03 850 så hjelper vi deg.
Ta kontakt med vårt kundesenter på telefon +47 915 03 850. Våre rådgjevarar vil hjelpe deg med å utføre endringa.
Behøver du å ta ut kontantar kan du gjere dette i alle minibankar i Noreg og i utlandet. I det tilfellet kan du bli belasta med eit gebyr for uttaket. Sjekk gjeldande prisar og gebyr i prislista.
Ønsker du å endre kredittgrensa på kredittkortet ditt, må du sende oss ei skriftleg henvending om dette på e-post eller per post (brev).

Vel du å sende inn henvendinga som brev, må du legge ved bevitna kopi av legitimasjon.

I e-posten eller brevet må du opplyse oss om du ønsker å auke eller redusere kredittgrensa på kredittkortet ditt, slik at vi veit kva dokument du behøver å fylle ut.

Du må bekrefte at du ikkje har BankID eller tilgang til digitale tenester som for eksempel nett- og mobilbank for å kunne utføre denne endringa manuelt.

Når henvendinga er mottatt, vil vi sende deg nødvendige dokument og ei beskriving av den vidare prosessen per post. Vi kan sende dokumenta kun til di folkeregistrerte adresse og anbefaler at du sjekkar at denne er korrekt.
Treng du papirutgåve av forsikringsbeviset for reiseforsikringa inkludert i kredittkortet, kan du ta kontakt med kundesenteret på telefon +47 915 03 850 eller e-post kundesenter@eika.no. Dei kan sende deg papirutgåve av forsikringsbeviset per post.
Du vil motta papirfaktura automatisk dersom du ikkje har tilgang til mobil- og nettbank.

Har du tilgang til mobil- og nettbank må du sjølv sørge for å avslå «Ja takk til alle eFaktura». Lurer du på korleis du gjer det, må du ta kontakt med banken du har nettbankavtale med.
Du vil motta årsoppgåva tilsendt automatisk per post dersom du ikkje har avtale om mobil- og nettbank.

Har du tilgang til mobil- og nettbanken sendast årsoppgåva elektronisk. I dette tilfellet kan du ta kontakt med kundesenteret på telefon +47 915 03 850 eller e-post kundesenter@eika.no. Dei kan sende deg kopi av årsoppgåva per post.
Ønsker du å kjøpe eller avslutte ei betalingsforsikring tilknytta kredittkortet ditt, må du sende oss ei skriftleg henvending om dette per post (brev). Sammen med brevet må du legge ved bevitna kopi av legitimasjon.

Når henvendinga er mottatt, vil vi opprette/avslutte forsikringa, og du vil motta nødvendig dokumentasjon tilsendt per post.

Behøver vi å avklare noko før forsikringa blir oppretta/avslutta, vil vi ta kontakt med deg per telefon.

Nyttig å vite 

Selv om du ikkje bruker våre digitale løysingar i dag, kan det hende at du ønsker å ta dei i bruk på eit seinare tidspunkt.

I dette tilfellet må du sende oss ei skriftleg henvending per post (brev). Sammen med brevet må du legge ved bevitna kopi av legitimasjon. Skriv gjerne at du ønsker å ta i bruk våre nettbaserte tenester og eventuell dato for overgang frå det analoge til det digitale. Du må også bekrefte at du har gjeldande BankID-avtale.

Vi vil då avslutte utsendinga av lovpålagte dokument per post (for eksempel årsoppgåver) og vil levere alle dokument digitalt i mobil- og nettbanken.

Ønsker du å motta eFaktura må du sjølv godta «Ja takk til alle» i mobil- og nettbanken. Ønsker du rettleiing rundt dette, kan du ta kontakt med kundesenteret.
Ønsker du å ta ein pause frå det digitale, må du sende oss ei skriftleg henvending per post (brev). Sammen med brevet må du legge ved bevitna kopi av legitimasjon.

Skriv gjerne at du ønsker å nytte deg av våre ikkje-digitale tenester og oppgi ønsket dato for endringa. I tillegg må du bekrefte at du ikkje lenger har gyldig BankID-avtale og tilgang til mobil- og nettbank.

Vi vil då etterkomme ditt ønske og sende ut framtidige lovpålagte dokument (for eksempel årsoppgåver) per post.
Besteforeldre spelar sjakk med barnebarnet sitt ved kjøkkenbordet, alle smilande og konsentrerte

Likar du å lese ting på papir?

Last ned vår informasjonsbrosjyre eller kontakt oss for å få denne tilsendt per post. Då kan du nyte ein kopp kaffe i sola medan du blir betre kjent med våre analoge korttenester.