Hopp til innholdet
Det kan vere litt tørt å setje seg inn i vilkåra for kredittkort, men ein kopp te kan gjere lesetida meir behageleg.
Kredittkort

Lær meir om våre kredittkort

Det er viktig for oss at du forstår kva eit kredittkort er samt får ei god oversikt over dine rettar og plikter før du søkjer om kortet.

Ønsker du å søkje om kort, er det viktig at du vurderer om kredittkortet du har valt passar til dine behov og til din økonomi. Her finn du ei kortfatta og forenkla oversikt over vilkåra for kredittkort.

Ei komplett oversikt finn du i prislista og avtalevilkåra. Les både prisar og vilkår nøye før du kjem i gang med søknaden. Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko eller treng rettleiing undervegs.

Visste du at?

Dei fleste av oss har mellom 1 og 3 kredittkort i lommeboka.

Dette bør du vite om kredittkort

Eit kredittkort er eit betalingskort som kan brukast til å gjere kontantuttak eller kjøpe varer og tenester. Når du bruker kredittkortet, låner du i realiteten pengar frå banken/kredittkortselskapet. Du må betale rente på det du låner. Lånet er avgrensa til eit maksimalbeløp som er avtalt mellom deg og banken/kredittkortselskapet (låneramme). Lånet må betalast tilbake til banken/kredittkortselskapet.

Bruk av kredittkortet gir deg ein rentefri periode. Lengda på den rentefrie perioden er avhengig av tidspunktet i fakturaperioden kredittkortet blir brukt. Du vil kvar månad få ei faktura med forbruket frå førre månad. Dersom du betalar denne fakturaen innan forfallsdato, vil det ikkje påløpe renter.

Dersom du ønskjer å foreta ei nedbetaling av lånet gjennom å betale avdrag, påløper det ei avtalt rente på det resterande lånet. Du betalar altså rente på den delen av kreditten du har brukt og som er forfalt til betaling, ikkje av heile kredittramma.

Eit kredittkort passar for deg som har behov for løpande lån som varierer frå månad til månad, og du planlegg å betale tilbake lånet med ein gong eller innan kort tid.

Eit kredittkort kan også vere gunstig dersom du er mykje ute og reiser eller handlar mykje på internett, fordi du kan kontrollere at beløpa er riktige før du betalar rekninga. I tillegg har du god tryggleik dersom du skulle bli utsett for svindel.

Ønskjer du eit kort der beløpet blir trekt frå pengar du allereie har på kontoen din, bør du heller inngå avtale om eit debetkort.

Dersom du har behov for eit større lån som blir utbetalt som eit eingongsbeløp og ønskjer noko lengre tid på tilbakebetaling, f.eks. dersom du ønskjer å realisere mindre oppussingsprosjekt, kan eit smålån (forbrukslån) vere eit betre alternativ for deg.

Eit smålån er også betre dersom du allereie har stor kredittkortgjeld eller fleire andre forbrukslån, fordi du då kan samle alle låna i eitt større lån med betre vilkår som f.eks. lågare rente.

All kreditt på kortet må betalast tilbake, og dette gjeld også løpande renter og gebyr.

Det er alltid ein viss risiko forbundet med å ta opp eit lån. Sjølv om banken/kredittkortselskapet foretar ei kredittvurdering av deg, kan det oppstå uforutsette omstende. Du må ta høgde for at du må vere i stand til å betale kredittkortgjelda sjølv om du skulle bli sjuk eller arbeidsledig.

Dersom du ikkje betalar ned det du skuldar innan betalingsfristen, vil det påløpe renter. På denne måten blir det du kjøper dyrare enn viss du betalar varen eller tenesta med pengar du har på konto.

Ha kontroll og oversikt på kor mykje du bruker kredittkortet. Ikkje bruk kortet meir enn du klarer å betale tilbake. Sett opp eit realistisk budsjett og ein fornuftig nedbetalingsplan.

Det er ein risiko for at renta blir sett opp.
I SEF-opplysningane finn du kva effektiv rente som gjeld for kreditten. Den effektive renta reflekterer kva lånet frå banken/kredittkortselskapet vil koste deg. Effektiv rente blir berekna på same måte av alle banker/kredittkortselskap, og omfattar alle kostnader knytt til bruk av kredittkortet. Effektiv rente er derfor eit godt hjelpemiddel dersom du vil samanlikne tilbod frå fleire aktørar.
Dersom du ikkje betalar heile beløpet ved forfall, vil det påløpe renter. I tillegg til renter må du betale ned på lånebeløpet ved månadlege avdrag.
Banken/kredittkortselskapet vil etter reglane i finansavtalelova kunne endre renta eller andre kostnader knytt til kredittkortet med to månaders varsel, dersom det ligg føre ein sakleg grunn.

Du vil kunne angre på kredittkortavtalen du har inngått innan 14 dagar. Dersom du bruker angreretten, må du tilbakebetale benytta kreditt, eventuelle påløpte renter samt eventuelle påløpte kostnader/gebyr.

Du kan når som helst velje å seie opp kredittkortavtalen og nedbetale lånesaldoen. Dette er også ei form for angrerett.

Du kan når som helst velje å nedbetale lånet heilt eller delvis.
Avtalen om kredittkort kan avsluttast ved å kontakte banken/kredittkortselskapet.
For å kunne inngå ein kredittkortavtale med deg, må vi i følgje gjeldande lovverk samle inn og handtere nokre av dine personlege data. Dette gjeld blant anna identifikasjons- og kontaktopplysningar, kredittopplysningar, inntekter, utgifter, eigendelar og gjeld. Vil du vite meir om korleis vi tek vare på dine personopplysningar, eller treng å snakke med vårt personvernombod, kan du sjekke personvernerklæringa vår.
Ja, i visse tilfelle har vi rett til å heve kredittkortavtalen, dvs. krevje at lånet blir tilbakebetalt i sin heilskap etter eit kort varsel. Til dømes vil dette gjelde viss du misligholder gjelda du har opparbeidd deg på kortet, går personlig konkurs, eller dersom du går bort.

Dette vil skje om du ikkje betalar fakturaen og eventuelle purringar over tid:

  • Kortet blir sperra for vidare bruk.
  • Heile det uteståande beløpet vil krevjast umiddelbart innbetalt i sin heilskap.
  • Kredittkortgjelda vil bli misligholdt og inndrive gjennom inkasso. Dette kan medføre ekstra omkostningar for deg.
  • Det vil påløpe forseinkingsrenter med høgare rentesats enn renta på kredittkortet.
  • Du kan få betalingsmerknader.
  • Mislighold og betalingsmerknader kan gi deg problem med å ta opp nye lån.
  • Eventuelle tilleggsfordelar, f.eks. reiseforsikring, kan bortfalle.

Ta kontakt med oss så snart som mogleg dersom du opplever utfordringar med å betale dine månadlege faktura.