Hopp til innholdet
ikon sammen mot toppen
Kredittkortet er framleis det tryggaste betalingsalternativet når du reiser til utlandet eller handlar på nett.
Kredittkort

Ditt Eika Kredittkort og Eika Ansatt blir litt endra før sommaren

På denne sida vil du gjennom våren finne oppdatert informasjon om endringane og korleis dei påverkar kundeforholdet ditt.

Den delen av Eika Kredittbank som driftar kredittkorta våre, har blitt slått saman med SpareBank 1 Kreditt og heiter no Kredittbanken ASA. Som følgje av denne samanslåinga vil både Eika Kredittkort og Eika Ansatt bli overførte til Kredittbankens system den 31. mai 2025.

Følg med på dei månadlege nyhetsbreva våre for å få siste nytt om overgangen til nye system rett i innboksen.

Mykje forblir uendra

  • Du beheld det eksisterande kortet ditt, med same PIN-kode og kredittgrense.
  • Kortet vil vere tilgjengeleg i mobil- og nettbanken.
  • Kredittkortet ditt er framleis det tryggaste betalingsalternativet når du reiser til utlandet eller handlar på nett.
  • Kredittbanken ASA vil vere avsendar av den månadlege fakturaen din, akkurat som før.

Kva blir nytt?

Frå 31. mai 2025 trer nye avtalevilkår og oppdaterte prisar i kraft. Dei nye vilkåra blir publiserte på denne sida i slutten av mars, medan prislistene allereie er oppdaterte.

Kontonummer og KID-nummer på fakturaen blir endra.

  • Har du eFaktura, blir dette oppdatert automatisk.
  • Første forfall etter overføringa er 15. juni 2025, uavhengig av tidlegare forfallsdato. Frå månaden etter blir forfallsdatoen justert tilbake til den opphavlege.

Ny leverandør av reise- og avbestillingsforsikring

  • Frå 31. mai 2025 blir Tryg Forsikring ny forsikringsleverandør.
  • Skadar som oppstår før 31. mai, må meldast til dagens forsikringsleverandør, Fremtind.
  • Skadar som oppstår etter 31. mai, skal meldast til Tryg Forsikring.

Endringar i ID-tyveriforsikringa

  • Har du Eika Kredittkort, vil ID-tyveriforsikringa ikkje lenger vere inkludert.
  • Du vil få tilbod om å kjøpe ei forbetra forsikring med juridisk bistand opptil 1 million kroner.
  • Det noverande fordelsprogrammet med påmelding og faste rabattar opphøyrer 20. mai 2025.
  • Opptente rabattar vil bli utbetalte innan 31. mai 2025.
  • Vi jobbar med eit nytt fordelskonsept, og meir informasjon om dei nye fordelane kjem i løpet av våren. Følg med på våre nyheitsbrev.
Frå 1. juni 2025 vil korttenestene du har tilgang til i mobil- og nettbanken, bli litt endra.
Kredittbanken ASA er no behandlingsansvarleg for personopplysningane dine, og samtykka dine blir overførte automatisk. Meir informasjon om korleis Kredittbanken ASA behandlar personopplysningane dine finn du her.
  • 20. mars 2025 – Infobrev blir sendt til alle kundar med informasjon om endringane.
  • 20. mai 2025 – Det noverande fordelsprogrammet opphøyrer.
  • 31. mai 2025 – Kredittkortet ditt blir overført til Kredittbankens system, du får ny forsikringsleverandør og tilgang til nye korttenester i mobil- og nettbanken.
  • 15. juni 2025 – Første forfall med nytt kontonummer og KID.

Kva må du gjere sjølv?

  • Har du lagra kontonummer og KID i nettbanken din for manuell innbetaling, må du oppdatere dette etter 31. mai 2025 for å unngå feilbetalingar.