Hopp til innholdet
Å velje riktig kort kan vere like forvirrande som å finne riktig kloss.
Bankkort

Slik vel du riktig kort i kvardagen

Lurer du på når du bør bruke bank- eller kredittkortet? Enten du handlar på nett, er på tur i utlandet, eller berre brukar kortet i det daglege, her er nokre enkle tips for deg.

Bruk bankkortet i kvardagen

Bankkortet, også kjent som debetkort, er direkte knytt til din bankkonto der lønna di blir sett inn kvar månad. Når du brukar bankkortet, blir beløpet umiddelbart trekt frå kontoen din. Dette gjer det til det perfekte valet for dagleg bruk, enten du handlar i butikken, kosar deg på ein kafé, eller vipsar pengar til venner.

Dette bør du bruke bankkortet til:

  • Daglegvarehandel og kjøp i fysiske butikkar
  • Rekningsbetaling
  • Vennebetaling og kjøp i butikk med Vipps

Ekstra tryggleik og fleksibilitet

Med eit kredittkort låner du pengar frå banken. Betaler du tilbake innan 45 dagar, låner du pengane rentefritt. Kredittkortet er spesielt nyttig når du bestiller reiser, er i utlandet, eller handlar på nett. Det gir deg ekstra beskyttelse mot svindel og eignar seg godt dersom du må handtere uforutsette utgifter.

Dette bør du bruke kredittkortet til:

  • Større uforutsette utgifter
  • Netthandel og betaling med Vipps på nett
  • Betaling for strøymetenester og kjøp i app (f.eks. kollektivtransport, parkering, underhaldning)
  • Bestilling av reiser og booking av hotell og leigebil
  • Minibankuttak i utlandet og betaling i utanlandske butikkar

Skal du ut og reise til utlandet, anbefaler vi at du tar med deg både bank- og kredittkortet. Då er du godt sikra dersom du skulle miste det eine kortet eller bli utsett for tjuveri. Hugs at du også har dine digitale bank- og kredittkort lett tilgjengelege i mobil- og nettbanken. Betal alltid rekninga ved forfall for å unngå unødvendige renter og omkostningar.

Full kontroll i mobil- og nettbanken

I mobil- og nettbanken kan du enkelt sjekke saldo og få ei god oversikt over kortbruken din. I tillegg kan du setje opp brukstillatingar for kortet, senke eller auke kredittgrensa og overføre frå kredittkortet til ein annan konto. Hugs at du har same PIN-kode på både bank- og kredittkortet og du kan enkelt hente denne digitalt.

Visste du at?

Dei fleste av oss har eitt bankkort og minst to ulike kredittkort i lommeboka.

Finn ut meir om våre kort