Nyttige tips for ein bekymringsfri sommarferie!
Ditt Eika Kredittkort er eit trygt reisefølge på ferieturen. Sjekk ut våre nyttige tips både før du dreg, under ferien og etter at ferien er over.
Før du dreg
- Sjekk utløpsdato på kortet før du reiser på ferie.
- Litt ekstra pengar i bakhand? Søk om kredittauke og utvid kredittgrensa på ditt kredittkort før ferien. Dette gjer du i mobil- og nettbank under Administrer kortet ditt - Endre kredittgrense.
- Ta alltid med to kort. Då har du alltid eitt kort i reserve om du skulle vere så uheldig å miste det eine kortet.
- Gratis reise- og avbestillingsforsikring. Betaler du meir enn 50 % av reisens totale kostnader med ditt kredittkort, får du gratis reise- og avbestillingsforsikring.
- Betal leigebil og hotell med ditt kredittkort. Både hotell og leigebilselskap foretar ein reservasjon av bestillinga. Brukar du kredittkortet vil ikkje reservasjonen påverke brukskontoen din.
Under ferien
Ha full kontroll i heile ferien. Mobilbanken er ein utmerka reisefrende som gir deg tilgang til ei god transaksjonsoversikt samt ei rekkje nyttige tenester:
- Oversikt over kor mykje du har brukt og kor mykje pengar du har tilgjengeleg på kortet.
- Tilgang til sperretenesta der du raskt kan sperre korta dine om du skulle vere så uheldig å miste dei. Du kan også opne korta igjen om du finn dei.
- Hente PIN-koden din dersom du gløymer den.
- Sjekke regionsperra dersom kortet blir avvist når du prøver å bruke det i utlandet. Her kan du enkelt sperre eller opne kortet for bruk i ulike land og regionar.
- Sjå forsikringsbeviset ditt.
Mobilbanken finn du i App Store eller Google Play. Søk etter Eika Mobilbank.
Skal du til utlandet i sommar?
Hugs at du alltid får gebyrfrie minibankuttak i valuta i utlandet når du tar ut kontantar med kredittkortet frå oss. Av og til tar utanlandske minibankeigarar eit eige gebyr, men dette går ikkje til oss.
Og eit siste tips: Betal alltid i lokal valuta når du er i utlandet, då får du som regel betre valutakurs.
Etter ferien
Det er viktig å kontrollere at transaksjonane belasta på ditt kredittkort stemmer overeins med ditt eige bruk. Oppdagar du transaksjonar du ikkje kjenner til, ta umiddelbart kontakt med kundesenteret vårt på tlf. (+47) 915 03 850.
God sommar!