Hopp til innholdet
Få minst mulig bekymringar på turen og nyt tida.
Kredittkort

Korleis unngå å bli svindla på reise

Planlegg du ein reise og ønskjer å bruke kredittkortet trygt? Å vere på vakt mot svindel er svært viktig, spesielt i utlandet. Sjekk våre tips til ein bekymringsfri ferie.

Beskytt deg mot svindel med sunn fornuft

Å bruke kredittkortet på reise gir mange fordelar, inkludert auka tryggleik. Skulle uhellet likevel vere ute, kan dei fleste svindelforsøk stoppast ved å følgje ein hovudregel – ver kritisk og bruk sunn fornuft. Hvis eit tilbod verkar for godt til å vere sant, så er det ofte det.

Fem gode tips til deg som skal på tur:

  1. Vel alltid kredittkortet framfor bankkort når du betaler i utlandet. Skulle du vere uheldig, er det ikkje dine eigne pengar som står på spel, men pengane du låner frå banken.
  2. Skjul PIN-koden din og ikkje del kortinformasjon med ukjente.
  3. La aldri kortet ditt vere utan tilsyn og ver forsiktig med å ta imot "hjelp" frå ukjente menneske når du skal ta ut pengar i ein minibank.
  4. Hugs å setje opp regionsperre i mobil- og nettbanken slik at kortet ditt ikkje kan brukast i dei delane av verda du ikkje befinn deg i.
  5. Sjekk at beløpet som står på bankterminalen samsvarer med det som står på kassaapparatet, og betal alltid i lokal valuta.

Vi passar på kortet ditt døgnet rundt

Systema våre overvåker og passar på kortet ditt 24/7 året rundt. Ved mistanke om svindel blir kortet ditt automatisk sperra med ein mellombels sperre og du vil bli bedt om å ta kontakt med oss så snart du kan. Då kan vi avsjekke med deg om transaksjonane som verkar mistenkjelege skuldast ditt eige bruk eller svindel. Uansett kva utfallet blir, er du alltid i trygge hender.

Kva gjer du om du blir svindla?

Vi stoppar hundrevis av svindelforsøk kvar månad. Skulle du likevel bli lurt, kontakt oss umiddelbart. Sier du ifrå fort nok, kan vi prøve å stoppe transaksjonane i tide.

Kontakt oss alltid om du mistenker at noko ikkje stemmer, då kan vi også varsle andre kundar som er i risikosona. Sperretenesta er open heile døgnet, heile året, og du kan enkelt komme i kontakt med våre hyggelege saksbehandlarar ved å ringe (+47) 915 03 850.

Nyt sommaren!

Eldre par tek ein selfie framfor eit gamalt amfiteater, begge smilande med solhattar og solbriller.

Enno ikkje fått Eika Kredittkort?

Finn ut meir om fordelane med vårt kredittkort både når du er på reise, men også i kvardagen.