
Nyttige korttenester som forenklar kvardagen
Å sjekke transaksjonane, hente PIN-koden eller få tak i det digitale kortet bør vere enkelt. Då bruker du mindre tid på bank-ting og får meir tid til det som verkeleg betyr noko. Her får du ein kortfatta oversikt over det du kan fikse sjølv med nokre få tastetrykk i mobil- og nettbanken.
Slik finn du korttenestene i mobil- og nettbanken:
- Logg inn i nettbanken eller opne Eika Mobilbank på telefonen din.
- Har du valt å få vist korta dine blant dine favorittkontoar vil desse visast på forsida i mobil- og nettbanken. Har du ikkje merka dei som favoritt, må du velje Kort frå menyen øvst til høgre.
- Vel ditt bank- eller kredittkort. Korttenestene opnast på eiga side.