Lars Stangjordet (47) frå Raufoss veit at prolaps i ryggen kan setje ein stoppar for jakta. Han veit også korleis det er å kjenne seg som eit uviktig papir i ein bunke – og korleis du kan sleppe akkurat det.

- Dersom du kan velje mellom å gå sjukemeld i månadsvis i evig tvil – og profesjonell, tett oppfølging frå nokre som bryr seg, er det eigentleg noko å lure på? Spør friluftsmannen Lars Stangjordet og tenkjer tilbake på sin fyrste prolaps og behandlinga på det lokale sjukehuset sitt.

- Eg kjende meg ikkje teken på alvor. Fyrst gav eg all informasjon til én person, så kom ein annan og ein tredje med nye papir. Dei spurde om akkurat det same, og eg hugsar eg tenkte «har dei ikkje datasystem her?», fortel Lars Stangjordet.

Manglande oppfølging

Han gjekk lenge sjukemeld og var frustrert over manglande oppfølging. Sjølv om kiropraktoren hadde tilrått operasjon, gjekk det heile tre månader før dette blei vurdert. - Heile sjukehuset lukta av stress og dårleg informasjon. Eg var usikker då eg kom og usikker då eg blei skriven ut. Uforutsigbarhet er det verste for ein pasient.

2016 – ny prolaps – midt i jaktsesongen 
I 2016 fekk Stangjordet ein prolaps i ryggen, rett før han skulle ut jakt. Likevel valde han å kaste børsa over skuldra, men turen blei amputert og han måtte be om hjelp. Nok ein gong blei han vist til det lokale sjukehuset av fastlegen. - Då det endeleg kom eit brev derfra blei eg happy. Men då eg såg at timen for konsultasjon var ikkje før nærmare jul, frykta eg ein reprise. Eg hadde droppfot og nervar i klem. Det var vondt! Så eg tenkte – eg har jo helseforsikring gjennom jobben. Eg ringjer Vertikal Helse!

Papira blei sende inn torsdag kveld
- Fredag morgon ringte Elisabeth og fortalde at ho var den personlege rådgivaren min.

Berre nokre få dagar seinare fekk eg time på Oslofjordklinikken, og uka etter blei eg operert. 
 Det er rett og slett ei gledeshistorie om oppfølging og profesjonalitet, fortel Lars Stangjordet. Ved Stangjordets lokale sjukehus er det for tida 16 veker ventetid for konsultasjon, og deretter seks veker ventetid på operasjon. - Elisabeth kjenner meg godt no. Det er veldig trygt og ganske fenomenalt at den same sjukepleiaren har følgt meg gjennom alt saman.  

 

Offentleg eller privat?
Lars Stangjordet har altså opplevt å bli ryggoperert i det offentlege og i det private, gjennom Vertikal Helse. Han summerer meir gjerne den største forskjellen: - På Oslofjordklinikken er dei stolte av jobbane sine. Dei oser av omsorg og engasjement. Kommunikasjonen er smidig og behandlinga profesjonell og effektiv. Mitt lokale offentlege sjukehus omorganiserer stadig vekk. Men blir det betre? Nei, det blir fleire papir, færre plassar og lengre køar.

Kjelde: Vertikal Helse