Hopp til innholdet

Kvifor bør du ha ei kritisk sjukdomsforsikring?

Viss du blir ramma av ein kritisk sjukdom, kan nye behov melde seg. Du kan trenge eller ynskje behandling i utlandet, meir tid med dine næraste eller ein ekstra ferietur.

Ei kritisk sjukdomsforsikring gjev deg moglegheit til å fokusere på det aller viktigaste – nemleg deg og helsa di.

Spørsmål og svar om kritisk sjukdomsforsikring

Du kan kjøpe kritisk sjukdomsforsikring frå du er 18 år til du fyller 60 år. Forsikringa gjeld fram til du fyller 67 år.
Ved kjøp av personforsikring, må du fylle ut ei helseerklæring. I påvente av ferdig behandla helseerklæring, vil du ha ei mellombels forsikring.
Skadar og sjukdomar som ikkje er inkluderte i lista over, blir ikkje dekka. Forsikringa dekker ikkje sjukdom eller liding som har vist symptom, eller er påvist før det har gått 3 månader etter at helseerklæringa er svara og motteken av Eika Forsikring. Eventuelle reservasjonar, som kjem fram av forsikringsbeviset, blir ikkje dekka.
Forsikringssummen blir utbetalt som eit skattefritt eingongsbeløp så snart vi har motteke og godkjent naudsynt dokumentasjon. Forsikringa er meint å gje økonomisk støtte i ein sjukdomsperiode. Difor er det ein føresetnad for utbetalinga at du er i live 30 dagar etter diagnosen er stilt.