Hopp til innholdet
Ei lita jente smiler mens ho peikar ansiktet ut av eit bilvindauge.
Er du klar for bilferien? 
Bilforsikring

Sikker sommarkøyring

Vi gir deg 8 tips til korleis du får ein sikker tur på vegen i sommar.

8 tips til ein trygg biltur

1. Ta turen innom verkstaden før du dreg på tur

Fullasta bil, varmt vêr og mange timars køyring i strekk, er ein voldsom belastning på bilen. Det er ikkje gøy å stoppe midt i ein bilkø i Tyskland eller at radiatoren kokar midt på Hardangervidda.

Motorstopp og mekaniske skadar blir som regel forhindra dersom du sørgjer for at bilen din blir sjekka før du dreg.

2. Sjekk lykter og dekk

Sjekk lyktene på bilen din, og sjå over dekka. Dekkmønsteret må vere minst 1,6 mm djupt, men ekspertane tilrår at du byter dekk ved 3 mm.

Og gløym for all del ikkje reservehjulet eller punkteringsskum.

3. Pakk smart - tenk vektfordeling 

Pakk fornuftig når du skal på tur. Takboksen skal berre brukast til lette ting. Tung bagasje må plasserast lågt og så langt fram som mogleg.

Tenk at det skal vere minst mogleg forflytningar viss du må bråbremse, for lause ting kan fort gjere skade.

4. Ha ein realistisk plan - ikkje stress

I rundt halvparten av dødsulykkene ved norske vegar er høg fart medskyldig i ulukka, ifølgje Trygg Trafikk. Hugs at du har ferie - det er heilt unødvendig å stresse.

Rekn ut køyretida med ein realistisk fart når du planlegg turen. Då får du til både pausar og uforutsette trafikkforhold.

5. Ta vare på barna

Ingenting er meir stressande enn skrikande barn i baksetet. Planlegg turen slik at alle får det hyggeleg. Drikkevarer, snacks, lesestoff og spel er sikre vinnarar. Eller kva med å høyre på ei lydbok som heile familien kan kose seg med?

6. Lås bilen når du forlét den 

Alltid lås dører og bagasjerom viss du forlèt bilen. Om du må leggje igjen verdisaker, så hugs å sikre at dei ligg i eit lukka og låst hanskerom eller separat låst bagasjerom.

7. Har du kontroll på forsikringane?

Både bil- og reiseforsikringa dekkjer deg i inn- og utland. Viss du treng vegassistanse i Noreg, ring oss på telefon 62 51 83 88, så hjelper vi deg vidare.

Om du får behov for vegassistanse i utlandet, kontaktar du samarbeidspartneren vår SOS International på telefon 22 22 77 06. Viss du lagrar numra no, så slepp du å leite etter dei når det gjeld.

8. Hugs Grønt kort

I tillegg er det eit godt tips å hugse Grønt kort. Det kostar ingenting, og er eit bevis på at du har ansvarsforsikring. Skulle du bli innblanda i ei trafikkulukke i utlandet, er det den norske bilansvarslova som gjeld.

Viss ein annan bil er ansvarleg for kollisjonen, kan du velje å krevje erstatning etter skadestadens lovgjeving eller norsk bilansvarslov. Grønt kort bestiller du enkelt når du er logga inn i nettbanken.

Du treng berre å gå inn på det køyretøyet du skal bestille Grønt kort på og klikke på Bestill Grønt kort.

 

God tur!

Visste du at?

Rundt 900 000 skandinaviske bilister får vegassistanse fra SOS International kvar sommer.

Husk grønt kort

Grønt kort er eit internasjonalt forsikringskort som stadfestar at du har gyldig ansvarsforsikring. Kortet gjer det enklare for deg å bevise at du har forsikring og kan gjere situasjonen lettare viss du er i ei trafikkulukke.

Les meir om grønt kort her