Hopp til innholdet
Familie med elbil
Skal du på ein biltur i utlandet, tilrår vi at du har med deg eit grønt kort i hanskerommet.
Bilforsikring

Hugs grønt kort når du skal på bilferie i utlandet

Grønt kort på bilforsikring er eit internasjonalt forsikringsbevis, som gjer det enklare å bevise at du har forsikring.

Kort fortalt om grønt kort

  • Grønt kort er eit internasjonalt forsikringskort 
  • Kortet stadfestar at du har gyldig ansvarsforsikring 
  • Kortet blir utstedt av ditt forsikringsselskap 

Hjelp i uheldige situasjonar

Grønt kort kan hjelpe deg om du opplever eit trafikkuhell, og må bevise at du har en gyldig forsikring.

Kva land krev at du har eit grønt kort?

Sjølv om du kan køyre bilen din i store delar av Europa utan grønt kort, tilrår vi at du tar det med uansett. Dei fleste situasjonar i trafikken løyser seg lettare når du viser fram eit grønt kort.

Kor lenge varer eit grønt kort? 

Kortet blir aktivt frå den dagen du bestiller, og varer maksimalt tre månader. Om forsikringa opphøyrer om mindre enn tre månader vil kortet vare til forsikringa sin sluttdato.

Treng du grønt kort med lengre varigheit kan du kontakte oss på 91 50 38 50.

Last ned grønt kort digitalt

Du kan enkelt hente ut eit grønt kort digitalt i nettbanken under det forsikra køyretøyet du ønskjer eit grønt kort til. Det er gratis å laste ned grønt kort.

Kjøp bilforsikring

Hos oss kan du kjøpe fire forskjellige bilforsikringer. Sjekk kva som passar ditt behov.