Hopp til innholdet
To menn og ei kvinne sitt i hytteveggen framfor eit vatn

Livsforsikring

  • Gir økonomisk tryggleik til dei du er glad i, dersom det verste skulle skje
  • Anbefalt for deg med forsørgaransvar og gjeld
  • Skattefri utbetaling

Kvifor treng du livsforsikring?

Gje dei nærmaste økonomisk tryggleik i livet vidare – viss det verste skulle skje.

Dersom du døyr, kan det få store økonomiske konsekvensar for familien din. Ei livsforsikring gir dei som står att moglegheit til å behalde same økonomiske tryggleik som før. Dei kan betene bustadlånet, betale ned gjeld, bli buande i heimen sin – og barna kan halde fram på same skule og med dei same fritidsaktivitetane. Ei livsforsikring sørgjer for at økonomien ikkje blir det som stoppar livet frå å gå vidare.

Om livsforsikring

Forsikringa gjeld for deg som kjøper ho, dersom du døyr. Er de avhengige av begge inntektene, bør de kryssforsikre kvarandre. Det betyr å kjøpe to livsforsikringar – ei for deg og ei for partnaren din.
Forsikringa gjeld fram til du fyller 80 år. Då blir ho automatisk avslutta. For å kjøpe livsforsikring må du vere mellom 18 og 79 år, og fylle ut ein helseerklæring.
Du får tilrådd ei forsikringssum basert på bustadgjeld og årslønn. Maksimal forsikringssum er 130 G.
Du vel sjølv kven som skal få utbetalinga når du kjøper forsikringa. Mottakarane av forsikringssummen blir kalla begunstiga, og kan endrast når du ønskjer det. Har du ikkje valt nokon, går utbetalinga automatisk til ektefellen din. Er du ugift, følgjer ho arverekkjefølgja di.

Livsforsikringa dekkjer dødsfall – uansett årsak. Ho gir ei eingongsutbetaling til dei etterlatne dersom du døyr i forsikringsperioden.

Er det nokre unntak?
Ja, det finst enkelte unntak. Dersom dødsfallet skjer som følgje av sjølvmord, krig, krigsliknande tilstandar eller politiske uroar, gjeld eigne reglar. Du finn detaljane i vilkåra.

Snakk med ein av rådgjevarane våre om livsforsikring.

Alfhild Gjerstad

Alfhild Gjerstad

Kunderådgjevar Privatmarknad

Vekselbanken

Anne-Lise Bleie

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Guro Stavenes

Guro Stavenes

Kunderådgjevar Privatmarknad

Lillian Lægreid

Lillian Lægreid

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Maritha Hefte

Maritha Hefte

Kunderådgjevar Privatmarknad

May Kristin Væhle Jordal

May-Kristin Væhle Jordal

Kunderådgjevar Privatmarknad

Monica Myklebust

Monica Myklebust Lid

Kunderådgjevar Privatmarknad

Norvald Fretheim

Norvald Fretheim

Senior kunderådgjevar Privatmarknad

Rolf Haukås

Kunderådgjevar Bedrift, Landbruk og Privat

56523518 mobil 47870690

Torunn Farsund

Torunn Farsund

Kunderådgjevar Privatmarknad

Vekselbanken

Trude Varberg

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Om forsikring

Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.