Hopp til innholdet
Ser inn mot kvinne og mann som sit i sofaen med ein kaffikopp kvar
Tips- og rad

Har du spørsmål om helsevurdering?

Vi har samla saman det vi trur du kan lure på om personforsikringar og helsevurdering.

Viss du ikke finn det du lurer på i lista, så er det bare til å kontakte oss. Det står korleis du gjør det på botnen av sida.

Helseerklæring

Kven som skal fylle ut helseerklæringa, kjem an på kva personforsikring du kjøper.

Kjøper du Kritisk sjukdom, Uføreforsikring, Uføreforsikring med månadleg utbetaling og/eller Livsforsikring, er det du som forsikrast som skal fylle ut og signere helseerklæringa.

Kjøper du ei Barneforsikring, er det du som er eigar av forsikringa som skal fylle ut helseerklæringa. Det vil vere foreldre, føresette, fosterforeldre eller adoptivforeldre.
Du kan følgje dei ulike statusane på Min side, logg deg inn her. Her vil du sjå om søknaden er under behandling, om vi har sendt deg ei melding der vi ventar på svar frå deg, eller om vi ventar på svar frå lege.
Når helsevurderinga er gjennomført, mottek du eit forsikringsbevis, eit angrerettskjema og vilkåra til forsikringa. Du vil også få ei grunngjeving for eventuelle pristillegg, reservasjonar eller avslag.
Etter at du har fylt ut og sendt oss helseerklæringa di, kan vi ha behov for å hente inn meir opplysningar. Det kan vere frå deg direkte, legen din eller ein annan instans. Nokre gonger kan dette ta litt tid, men vi vil halde deg oppdatert undervegs. Du kan også sjå status på søknaden din i nettbanken.
Viss det er ting du har opplyst om i helseerklæringa som vi må undersøkje nærare, kan vi ha behov for å kontakte fastlegen din eller andre instansar, som for eksempel NAV.
Viss du har samtykka til elektronisk dialog, vil du få ein SMS om at du har ei melding på Min Side som vi treng ei tilbakemelding på.
Viss du har spørsmål om helseerklæringa og behandlinga av den, kan du kontakte oss på:
Telefon: 22 87 63 40
Mail: personforsikring@eika.no
Alle våre personforsikringar, bortsett frå Livsforsikring, inneheld ein 3 månaders symptomklausul. Denne symptomklausulen, som ofte også kallast karenstid eller ventetid, betyr at forsikringa ikkje dekkjer sjukdomar eller lidingar som viser symptom eller oppstår 3 månader etter at vi mottok helseerklæringa.
Etter at du har sendt inn helseerklæringa vil du vere mellombels forsikra for ulukkestilfeller mens du venter på at helsevurderinga blir ferdigstilt.
Viss du har fylt ut og sendt av garde helseerklæringa, men har gløymt noko, treng du berre ta kontakt med oss. Då sender vi deg eit skjema der du legg inn dei opplysningane du har gløymt.
Eika Forsikring er behandlingsansvarleg og vil behandle personopplysingane dine innanfor rammene av dei til kvar tid gjeldande lovar og forskrifter. Viss du ikkje aksepterer forsikringsforslaget, vil personopplysingane som Eika Forsikring har lagra om deg i samband med opprettinga av forsikringsforslaget bli sletta.

Personopplysingane vil bli sletta så snart det blir klart at forsikringsforslaget ikkje vil bli nytta, seinast éin månad etter akseptfristen sin utløp.
Du kan sjølv bestemme kven som skal ha rett til erstatning og motta forsikringssummen viss du døyr. Dette kallast begunstigelse, og den som du peiker ut eller oppnemner til å motta erstatninga, kallast ein begunstiget. Å velje ein slik begunstiget kan for eksempel vere aktuelt om du ønskjer at nokon andre enn dei som følgjer arverekka skal motta utbetalinga.

Så viss du ønskjer at sambuaren din skal få forsikringssummen, er det viktig at du begunstigar sambuaren din (sambuaren inngår jo ikkje i arverekka på lik linje med ektefelle eller registrert partnar). Du kan også velje å begunstige ein veldedig organisasjon.
Du kan heilt klart endre på forsikringssummane dine.
Viss du vil auke summen, treng vi ei ny helseerklæring frå deg på den aukinga du ønskjer.
Viss du vil redusere forsikringssummen, tilrår vi at du tar kontakt med din rådgjevar.
Viss personforsikringane dine er blitt avslutta på grunn av manglande betaling, og dei har vore aktive i minst eitt år i forkant, kan du gjenoppta forsikringane innan 6 månader.

Avslag reservasjon eller pristillegg

Viss du, på søketidspunktet, har eller har hatt sjukdomar, kan dette påverke forsikringstilbodet frå oss. Årsaka til dette er at personforsikringar er meint å sikre deg mot uforutsette hendingar i forsikringstida. Du vil motta ei grunngjeving for eventuelle avslag, pristillegg eller reservasjon.
Viss du mottek ein reservasjon eller eit pristillegg som ved eit tidspunkt kan slettast, vil vi opplyse om det i grunngjevinga du mottek for sjølve reservasjonen eller tillegget.

Erstatning

Personforsikringane er i all hovudsak skattefrie. Det betyr at du kan disponere heile utbetalinga som du ønskjer.
Du vil motta erstatning så fort vi har mottatt all dokumentasjon vi treng, og ser at dette oppfyller krava til utbetaling. I enkelte tilfelle kan det ta litt tid viss vi har behov for å hente informasjon frå fleire instansar.

Betaling

Du må starte å betale forsikringa frå den dagen du fyller ut og signerer helseerklæringa. Det inneber at du betaler frå du er mellombels forsikra til vi har helsevurdert deg.
Ja, får du eit avslag på ei eller fleire av forsikringane dine, vil du få tilbakebetalt beløpet for denne/disse.

Viss du ikkje ønskjer forsikringa med pristillegget eller reservasjonen, kan du nytte deg av angrerettskjemaet som følgjer med forsikringsbeviset.

Dette må signerast og sendast oss innan fristen som er angitt på skjemaet. Då vil du få tilbake pengane du har betalt inn på desse forsikringane. Viss du har uteståande betaling på andre forsikringar, vil tilbakebetalinga først dekke desse.

Viss ikkje anna er avtalt, vil du motta ei eventuell erstatning eller tilbakebetaling på den kontoen du har betalt tidlegare fakturaer frå.

Oppseiing og klage

Du kan når som helst seie opp forsikringa(ne) dine. Oppseiinga må vere skriftleg og kan sendast på e-post til rådgjevaren din i banken, eller til oss.
Vi ønskjer å høyre frå deg om du treng hjelp eller er ueinig med ei avgjerd.

Viss du meiner Eika Forsikring har gjort ein feil i saker som gjeld di avtale eller eit erstatningsoppgjer, kan du ta kontakt med Eikas kundeombod.

Er du ueinig i kundeombodet si avgjerd, kan du klage til Finansklagenemnda.
Bransjeavtalen for flytting gjeld berre flytting av individuelle personforsikringar med helsevurdering. Verken personalforsikringar eller kollektive forsikringar er omfatta av avtalen. Heller ikkje rett til gjenopptaking. Du bør ikkje seie opp di kollektive forsikring.