Store snømengder kan bli til enorme vassmengder. Her får derfor tips til korleis du best kan sikre deg mot flaum. 

Slik sikrer du deg mot flaum:

1. Sørg for at avløp og kummar er opne slik at vatnet har fritt leide.

2.   Sjå til at nærliggjande bekker ikkje er demde opp av hageavfall eller andre gjenstandar.

3.   Fjerne store kvister og gjenstandar som kan hindre fri vassførsle. Flytt dei til ein stad kvar dei ikkje kan bli tekne av vatnet.

4.   Ved flaumfare, rydd hagen for møbel, løyse materialar, grill og gjenstandar som kan bli tekne av vatnet.

5.   Er det fare for at vatn kan kome inn i kjellar eller garasje, bør gjenstandar lyftast opp frå golvet. Set ting i hyllar, reolar og plastboksar som toler vatn.

6.   Fjernt laust teppe og anna løyst golvbelegg.

7.   Hald dører og vindauge til kjellar og loft lukka. Dekk til med sandsekker om nødvendig

8.   Følg med på nyhendesendingar og meldingar frå lokale styresmakter. Ved stor hending kan det bli i verksette tiltak frå styresmaktene.

9.   Avtal med naboar eller venner om å gjere tiltak og halde auge med huset ditt dersom du ikkje er heime.

Kilde: Finans Norge

Er du allereie ramma av flaum?
Fortvil ikkje, vi gir deg tips til korleis du kan avgrense skadane.