Hopp til innholdet
Er boligen din klar for vinteren? Her får du eit par tips til å beskytte heimen din mot frost og kulde.

Slik unngår du frostskader på boligen din i vinter

Når kulda set inn bør du passe ekstra godt på for å unngå frostskader på boligen din.

I periodar med sprengkulde kan frost skade røra til boligen din og føre til vasskader.

Kor omfattande skadene blir kjem også an på kor mykje snø det har kome før det blir skikkeleg kaldt. Kjem det nemleg veldig mykje snø før kuldebølgja set inn, går ikkje telen så langt ned i bakken, og snøen hjelper som isolasjon.

Antallet skader går opp når temperaturen går ned

Kor mange skader som blir registrerte på grunn av frost varierer mykje frå år til år, men når det verkeleg er kaldt er det viktig at du passar ekstra godt på. Det er noko skadesjef i Eika Forsikring, Anders Bjørklund, kan bekrefte.

– I periodar med lite snø og streng kulde ser vi ein betydeleg auke i registrerte vasskader, fortel Bjørklund.

Bjørklund har også nokre gode råd til deg dersom du skal bli lenge borte i løpet av vinteren.

Gjer dette før du reiser bort

Ha tilstrekkeleg varme på i hus og hytte (ikkje slå av straumen)

I vinterferien eller julehøgtida skal du kanskje besøke familien eller stikke ein tur på hytta? Då må du passe på at du ikkje slår av varmen heilt. For sjølv om det kan vere freistande å spare på straumen og redusere romtemperaturen når prisen på straum er høg og du ikkje er heime, er ikkje det noko sjakktrekk.

Ei av dei vanlegaste årsakene til at frostskader oppstår, er at temperaturen blir for låg. Difor er det viktig at du har tilstrekkeleg varme på i alle rom som kan bli påverka av kulda, og på den måten minimerer du sjansen for frostskader.

– Kostnadene knytt til frostskader kan fort ende opp med å bli vesentleg dyrare enn straumrekninga, rår Bjørklund og kjem med ei tilråding:

«Ikkje senk temperaturen til lågare enn cirka ti grader i rom med vassrør eller slå av varmekablar som er meint å halde rør frostfrie» - Anders Bjørklund, skadesjef Eika Forsikring. 


Les også: Slik gjer du hytta di klar for vinteren

 

Steng hovudstoppekrana

Blir du borte i ein lengre periode, må du alltid hugse å stenge hovudstoppekrana. Både på hytta og i boligen din. Forsikringsvilkåra stiller faktisk eit krav til dette når du er borte frå fritidsboligen din.

Allier deg med venner

Eit avsluttande godt råd frå skadesjefen er å alliere deg med venner eller naboar som kan passe på boligen eller hytta di i periodar med sprengkulde.

Ikkje gløym forsikringane

Hus-, hytte – og innbuforsikring

Dersom skaden først har skjedd, vil ei husforsikring frå oss sørgje for at du ikkje står på bar bakke. Her i Eika Forsikring kan du også velje Hus Pluss som gir deg ei ekstra god dekning.

Hytta di må du kjøpe ei eiga hytteforsikring for, og også her kan du velje Hytte Pluss, vår beste hytteforsikring.

Skulle innboet ditt bli skadd, dekkjer innbuforsikringa vår, alle tinga dine mot blant anna vasskader.

Visste du at?

I periodar med kalde vintrar står frostsprengte rør bak rundt 10-20 prosent av alle skadeutbetalingane.