Reiseforsikring – alt du treng å vite om skadeoppgjeret
Kva skjer om uhellet er ute på reise? Det er mange ting som påverkar erstatningssummen ved eit skadeoppgjer. Her får du ei oversikt.
Med ei god reiseforsikring er du godt dekt, enten du er på jordomsegling eller bussen. Men lurer du nokre gonger på kva som skjer når du melder inn ein skade på reiseforsikringa di?
Her får du ei enkel forklaring på korleis skadeoppgjeret fungerer.
Dette påverkar erstatningssummen
Kva tingen er verdt
Kva tingen er verdt
Først ser vi på kva det som er tapt eller skadd er verdt.
- Kor gammal gjenstanden er
- Om gjenstanden ikkje fungerte like godt som før
- Kor lenge gjenstanden har vore i bruk
Kjøpte du gjenstanden brukt, får du tilbake det same som andre brukte ting av same type. Prisane på finn.no kan gi deg ein god peikepinn på kva marknaden er villig til å betale for ei tilsvarande ting.
Kva dokumenter du har på alle utgiftene knytt til skaden
For å rekne ut beløpet på erstatningssummen ser vi også på dokumenta du har sendt inn til oss. Så hugs å ta vare på alle kvitteringar om noko går gale på turen.
Lurer du på om du fekk lagt ved all relevant dokumentasjon? Her finn du ei oversikt over kva du bør ha med når du melder frå om ein skade.
Kor høg eigenandel du har
Eigenandelen er den kostnaden du må betale sjølv om uhellet er ute på reise og du må bruke reiseforsikringa.
Vanlegvis er eigenandelen 500 kroner på alt når du har ordinær reiseforsikring, med unntak av reisesjuke og heimtransport som det ikkje blir trekt eigenandel for.
Har du Reise Pluss, betalar du ikkje eigenandel på noko i det heile tatt.
Men det er verdt å merke:
- Skal erstatninga reduserast, gjer vi dette etter at vi trekker frå eigenandelen.
- Skal vi utbetale erstatning for fleire forsikringsavtaler, treng du berre betale eigenandelen éin gong, og det er den største eigenandelen som gjeld.
Kva om du er ueinig i erstatningssummen?
Erstatningssummen blir sett til kva det på skadedagen ville ha kosta å skaffe tilsvarande gjenstand til same føremål. Skulle det likevel oppstå ein usemje om kva tingen er verdt, må du sjølv skaffe deg dokumentasjon som stadfestar verdien du meiner er riktig og ta kontakt med oss.
Vi kjem som regel alltid fram til ein sum alle er nøgde med.
Meld skade@headingTag>
Her kan du enkelt melde skade om noko skjer på reisa di.