Hopp til innholdet
Trøbbel på turen? Her får du ein liten guide til skademeldinga.
Meld skade

Slik melder du skade på reiseforsikringa

Med vår reiseforsikring er du sikra viss uhellet rammar når du er på tur, men veit du korleis du går fram når du skal melde skade?

Ingen likar å få ferien sin spolert av beinbrot, forseinka bagasje, tjuveri eller matforgifting, men når uhellet først er ute, er det kjekt å vite korleis du bør melde frå om det. Det er her denne artikkelen kjem inn.

Dette er det første du gjer viss uhellet er ute

Det første du bør gjere er å melde frå om hendinga på staden og få ei skriftleg stadfesting på det som har skjedd.

  • Tap eller skade under transport melder du til transportselskapet.
  • Tjuveri eller ran melder du til politiet eller reiseleiaren på staden.
  • Skade eller tap frå hotell, restaurant, flyplass eller liknande melder du til hotellet, restauranten osv.

Kva slags dokumentasjon bør du leggje ved?

Sjølv om skadeoppgjeret er basert på gjensidig tillit, er det framleis lurt å hente inn dokumentasjon som stadfestar skaden.

Dette kan vere lurt å ha klart før du melder skade:

Viss bagasjen din blir forseinka:

  • PIR-rapport (Property Irregularity Report) frå flyselskapet som stadfestar forseinkinga.
  • Kvitteringar på utlegga du har gjort (hugs å leggje saman summen på dei).

Viss turen din blir avbestilt:

  • Avbestillingsdokument frå reisearrangør eller flyselskap.
  • Oversikt over kva du får refundert av reisearrangør eller flyselskap.
  • Legeattest, viss avbestillinga skuldast sjukdom.

Viss du blir sjuk eller utsett for ei ulukke:

  • Dokumentasjon på alle utgifter, slik som lege, medisinar, taxi og liknande.

Hvis tinga dine blir stolne:

  • Tjuveri av reisegods: skriftleg stadfesting frå staden det skjedde på.
  • Fråstolen mobiltelefon: Stadfesting på sperring av IMEI-nummer – du finn IMEI-nummeret ved å taste *#06#. Telefonen blir sperra hos politiet, som sender sperringsanmodninga vidare til teleoperatøren.
  • Oversikt over tapet med beskriving av type gjenstandar, alder, modell og pris på gjenanskaffing.
  • Ved øydelegging eller innbrot: hugs å ta bilete av øydeleggingane.
  • ... og ikkje gløym å ta bilete av alle tinga som du har med deg på turen, i tilfelle dei blir stolne.

Kva viss du blir sjuk på reisa?

Viss du blir sjuk før reisa, kan du enkelt avbestille reisa og skaffe legeattest som stadfestar sjukdomen.

Blir du sjuk på reise i utlandet anbefaler vi at du tar kontakt med vår forlengde arm, SOS International. Via deira døgnopne alarmsentral får du hjelp uansett kvar du er i verda.

Viss du blir sjuk på turen er det lurt å hugse på dette:

  • Følg legens anbefalingar.
  • Sei frå til Eika eller SOS International dersom du blir lagt inn på sjukehus eller viss utgiftene er forventa å overstige 5 000 kroner.
  • Få skriftleg stadfesting frå legen om nødvendigheita av utgiftene som påløper, og om du har behov for å avbryte reisa.
  • Ta vare på alle kvitteringar frå legebesøk, medisinar og andre utgifter relatert til sjukdomen.

Lurer du på korleis skadeoppgjeret fungerer på reise, kan du lese meir om det i denne artikkelen. 

Visste du at?

Reiseforsikring for heile familien gjeld også ektefelle/sambuar og barn under 21 år med same folkeregistrert adresse.

Spørsmål og svar

Viss innsjekka bagasje har ankomme minst 4 timar forseinka til reisemålet, og forseinkinga er stadfesta av transportøren, refunderast nødvendige og dokumenterte utgifter med inntil 6 000 kroner per person for innkjøpte klede og toalettsaker i den tida bagasjen din er sakna.
Heile verda.
Det finn du under Dine forsikringar og Reisekort når du har logga inn på Min Side i nettbanken eller mobilbanken din.
Barna dine er inkludert i reiseforsikringa di fram til dei fyller 21 år.