Hopp til innholdet
Elg i køyrebanen? Slik er du førebudd om ulukka er ute og du køyrer på eit dyr på vegen.
Bilforsikring

Kva må du gjere etter ei viltpåkjørsel?

Det skjer flest viltpåkjørsler om hausten og vinteren. Men veit du korleis du kan unngå det, og kva du skal gjere dersom du har vore uheldig og køyrt på eit dyr?

Viltpåkjørsler kan skje heile året, men du bør vere ekstra merksam på dyr på vegen heile vinterhalvåret. Når det blir mørkare er det vanskelegare å oppdage dyr, og når snøen kjem kan dyra trekkje mot vegen.

Slik unngår du å køyre på dyr på vegen

  • Pass på farten din
    Om staden du køyrer er skilt med at det er fare for vilt, bør du senkje farten og bruke blikket ditt godt etter dyr langs vegen. Tilpass farten etter føre, sikt, miljø og skilting.
  • Sørg for at du har god sikt
    Vilt vandrar spesielt mykje i skumring, grålysning og på natta. Sørg for at du har god sikt og at lyset fungerer slik det skal på bilen.

Dette bør du gjere hvis du har køyrt på vilt

Om du først har køyrt på eit dyr, er det nokre ting du kan gjere for å skåne dyret og passe på medtrafikantane dine:

  • Gjer deg sjølv synleg. Set på naudblink, ta på refleksvest og sikre staden med varseltrekant.
  • Få oversikt over skadde personar og gje førstehjelp.
  • Ring 113 dersom nokon treng akutt hjelp.
  • Meld frå om påkjørslen. Ring politiet på 02 800. Varslingsplikta gjeld uansett om påkjørslen er din skuld eller ikkje.
  • Merk påkjørselsstaden. For å hjelpe Viltnemnda med å spore dyret kan du markere staden med ein refleksvest, viltband eller noko anna du har i bilen.
  • Aldri følg etter eit skadd dyr sjølv. Det kan vere farleg og kan gjere sporingshunden sin jobb vanskelegare.

Det er di plikt å melde frå om påkøyrde dyr

Ifølge Viltlova er det ikkje straffbart å køyre på eit dyr, men det kan vere straffbart å ikkje melde frå.

Ingen bonustap

Hos oss får du ikkje bonustap ved viltpåkjørsel dersom påkjørslen er meldt til politiet eller viltnemnda.

Kva forsikring dekkjer viltpåkjørsel?

Forsikringane Bil Pluss og Kasko dekkjer skade på eigen bil ved viltpåkjørsel. Eigenandelen din vil bli redusert med 4 000 kroner dersom skaden skjer i viltpåkjørsel. Om bilen din blir skadd etter å ha køyrt på eit dyr bør du ta kontakt med oss for hjelp.

Dersom du køyrer på vilt

Hugs å gjere deg sjølv synleg først, ta på deg refleksvest og marker skadestaden med varseltrekant
Tips

Hugs å melde påkjørslen til politiet

Ring politiet på telefon 02 800 for å seie ifrå om dyret.

Spørsmål og svar om viltpåkjørsel

Ta på deg refleksvest og merk staden. Sjå om nokon treng hjelp og ring 113 om naudsynt. Meld inn skaden til politiet på telefon 02 800. Ta kontakt med oss for hjelp.
Ja, du er lovpålagt å melde frå om vilpåkjørsler uansett om du er skuldig i krasjet eller om du er forbipasserende.
Mann og dame i bil som smiler til kvarandre

Kjøp bilforsikring

Hos oss kan du kjøpe fire forskjellige bilforsikringar. Sjekk kva som passer til ditt behov.