Hopp til innholdet
Settere løper i bånd mens eieren står på ski i den norske fjellheimen
Snø, is, kuldegrader og vegsalt set ekstra krav til deg som eig ein hund eller ein katt. Slik passar du litt ekstra på dei om vinteren.
Hundeforsikring

Slik tar du vare på hunden din i vinter

Vinteren kan vere ganske så tøff mot dei firbeinte. Slik gir du dine pelskledde vener litt ekstra omsorg når kulda set inn.

Når temperaturen kryp nedover og snøen lavar ned, er det eit par ekstra ting du bør tenkje på viss du har eit kjæledyr. For sjølv om dei har pels, kan dei fryse like mykje som oss, og bli skada av kulda.

Her får du 5 enkle tips til kva du bør tenkje på om vinteren.

1. Halde dei varme

Kle kjæledyret ditt etter ver og vind. Nokre hundar toler mindre kulde enn andre, spesielt om dei er av ein litt mindre rase med lite pels.

Ein liten hund taper meir varme enn ein stor hund, og ein hund med tjukk pels isolerer varme på ein betre måte enn ein hund med tynn pels.

Eldre bikkjer og kattar treng kanskje også litt ekstra beskyttelse iblant.

Så skal du ut på tur med bikkja og kulda bit, og du veit bikkja fort blir kald, tar du på eit dekken eller ein varm genser.

Både hundar og kattar skal samtidig ha tilgang til ein varm og isolert stad å vere innandørs, til dømes ei mjuk seng eller eit teppe. Plasser senga vekk frå trekk og kalde golv, gjerne nær ei varmekjelde.

Du bør heller ikkje la hunden eller katten bli igjen i ein kald bil i lange periodar.

2. Bruk refleks

Det er ofte bekmørkt om vinteren, og det er like viktig å gjere dei firbeinte synlege i mørket som oss sjølve. Så la hunden din få på seg ein refleks når du er ute og går tur.

Kanskje også katten kan få på seg eit refleksband medan den er ute på vift?

3. Unngå lange turar når det er bikkjekaldt

Avgrens tida du tilbringer ute med hunden din. Gå heller fleire korte og meir aktive turar i løpet av dagen enn lengre turar i eit roleg tempo.

Veit du at de kjem til å bli lenge ute i kulda, tar du med eit liggjeunderlag eller liknande som hunden kan liggje på.

Hunden må også vere hundre prosent tørr før du går ut døra.

4. Beskytt utsette område som poter og auge

Snø, is, vegsalt og kulde kan fort gjere potene på hunden og katten din ekstra såre og tørre, og føre til at potene sprekker.

Kjem det salt inn i desse sprekkene vil det svi, og sprekkene kan i tillegg samle skit og bakteriar som kan føre til betennelsar.

Så når de kjem inn etter ein tur i snøen, skyll eller tørk forsiktig av potene for å fjerne eventuell is, snø og salt.

Men ver forsiktig med temperaturen på vatnet, spesielt viss potene er kalde. Er vatnet for varmt, kan det skade blodårene i potene. Tørk potene grundig etterpå.

Klipp pelsen og bruk potesokkar

Har hunden eller katten din mykje pels på beina, kan det vere lurt å klippe dei for å hindre at snø og fukt festar seg.

Får hunden din ofte tørre og sprukne poter, bør du samtidig vurdere å bruke potesokkar.

Potesokkane beskyttar mot kulde, kjemikaliar og spisse steinar, hindrar irritasjon og skjermer potene viss dei har byrja å bli vonde.

Bruk ein god potesalve

Ein potesalve kan førebyggje mange av dei utfordringane vinteren kan bringe med seg

Gjer det til ein vane at du alltid smør potene med ein god potesalve før og etter turen, og ta den gjerne med viss de skal vere ute lenge.

Berre hugs at salven ikkje må innehalde vatn – det gjer ting berre vondare.

Bruk solbriller

Skal du opp på fjellet eller langs sjøen i sterk sol, bør du ikkje gløyme at hundar kan bli like snøblinde som oss.

Treng du solbriller, treng hunden din det også.

Ikke gløym andre utsette område

Også øyra, halen, spenane og pungen kan få frostskadar. På låge og korthåra hundar er i tillegg buken utsett.

Så pass litt ekstra nøye på desse områda – både under og etter turen.

5. Unngå overvekt

Viss du veit at kjæledyret ditt er litt mindre aktivt om vinteren, er det lurt å velje eit fôr som passar utifrå alder og aktivitetsnivå.

Følg med på vekta og juster mengda mat deretter. Nokre produsentar tilbyr hundefôr som er spesielt laga for kalde vêrforhold og lågare aktivitet.

Er du usikker, tar du ein prat med veterinæren din.

Husk forsikringa

Sørg for at den firbeinte bestevenen din får hjelpa den treng, når det trengs.

Vår hundeforsikring dekkjer veterinærutgifter og andre kostnadar som kan dukke opp viss hunden din blir sjuk eller utsett for ei ulukke.