Hopp til innholdet
Ser inn gjennom vindauget på kvinne og mann i sofaen som smiler til kvarandre
Din heim, din tryggleik. Her får du vite kva du skal gjere viss uhellet rammar heimen din.
Meld skade

Slik melder du skade på bustaden din

Med ei god husforsikring unngår du å bli ståande på bar bakke viss uhellet rammar. Men veit du korleis du går fram viss noko skjer med huset ditt?

«Kva gjer eg no?», tenkjer du kanskje når det som skal vere familiens trygge hamn rammast?

Er uhellet ute, er det aller første du må gjere å avgrense eller avverje skaden med nødvendige tiltak, som for eksempel å bestille ein rørleggjar eller ein annan handverkar. Etter det kontaktar du Eika Forsikring. Du kan enkelt melde skaden digitalt her.

Når du har meldt frå, vil det som regel bli sendt ein takstperson eller ein annan fagperson for å kartleggje omfanget av skadane. Takstpersonen tek normalt kontakt dagen etter, dersom det er ein vanleg virkedag.

Dreg du med å melde frå om skaden, eller ikkje gjer nødvendige tiltak for å minimere omfanget, kan du risikere at skaden blir verre og at kostnadene ikkje blir erstatta.

Kva er eigentlig forsikra?

Husforsikringa vår gjeld for alt som er fastmontert i bygningen, og som ikkje er spesielt montert for produksjons- eller næringsverksemd.

Forsikringa inkluderer blant anna:

  • Utvendige leidningar fram til offentleg leidning.
  • Tank for biofyringsolje, gasstank, septiktank og drenskum.
  • Kunstnarisk utsmykking på bygningen inntil 200 000 kroner, avgrensa til gjenanskaffelseskostnad for tilsvarande eller vesentleg tilsvarande utsmykking.
  • Hageanlegg opp til 5 dekar rundt bygningen som er forsikra, som gjerde, flaggstang, symjebasseng og andre badekjelder (boblebad, badestamp).
  • Frittliggjande bygg på forsikringsstaden inntil 10 kvadratmeter.
  • Eige fast trebryggje knytt til forsikra bygning, inntil 100 000 kroner, inkludert installasjonar på bryggja, riving/rydding og avfallshandtering.

Og kva slags skadar dekkjer husforsikringa?

Husforsikringa dekkjer tap ved brann-, vatn-, tjuveri- og naturskadar, i tillegg til andre såkalla kaskoskadar. Dei kan du lese meir om i vilkåra.

Du får også kompensasjon viss du må bu utanfor heimen din eller taper leigeinntekter etter ein dekka skade. Om du vil ha ei utvida forsikring, kan du oppgradere til Hus Pluss.

Hus Pluss-forsikringa inkluderer blant anna:

  • Følgeskadar ved vasslekkasje gjennom yttertak eller handverkarfeil.
  • Høgare sum til spesialtilpassing av bustad viss eit familiemedlem blir rullestolbrukar.
  • 100 prosent erstatning dersom bustaden blir meir enn 75 prosent skada.

Kva skal du melde til politiet?

Som regel skal disse skadane meldast til politiet:

  • Brannskadar
  • Tjuveri- og hærverkskader
  • Overfall
  • Ran
  • Veskenapping

I nokre tilfelle vil dei som vurderer saka at andre skadar skal meldast til politiet. Dokumentasjonen for at forholdet er meldt må leggjast ved skademeldinga.

Og kva skal du leggje ved av dokumentasjon?

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å vurdere skadane, viss det ikkje er nok opplysningar tilgjengeleg. Derfor vil saksbehandlar i enkelte tilfelle be om utfyllande informasjon i ei skademelding og eventuelt bilete for dokumentasjon.

Visste du at?

Det er lurt å ta bilete og video av skadar når du oppdagar dei.
Tips

Hugs riktig forsikringssum

Det er lurt å sørgje for at forsikringssummen dekkjer nok viss det skjer ein skade. Kontakt oss for å endre forsikringssummen din.

Spørsmål og svar

Eigenandel er den delen av kostnaden du sjølv betalar når du har fått ein skade og skal bruke forsikringa di. Når du kjøper forsikring, vel du kva eigenandel du vil ha. Jo høgare eigenandel du vel, jo billegare blir forsikringa di. Eigenandelen er på 4 000 kroner om ikkje anna kjem fram av forsikringsbeviset.
Viss du leiger ut bustaden din eller delar av den, må du melde frå til oss om at du har utleige. Då vil du få ei utleigeforsikring som tilleggsdekning, som gir deg ekstra tryggleik.
Kvinne og to barn lagar middag

Kjøp husforsikring

Hos Eika Forsikring kan du kjøpe fire forskjellige husforsikringar. Sjekk kva som passar ditt behov.