Hopp til innholdet

Meld skade liv og helse

Helseforsikring og hjelp til behandling hos Falck Helse

Falck Helseformidling er vår samarbeidspartnar og står for skadebehandling på helseforsikringa. Dei kan hjelpe deg med medisinske- og fysikalske tenester, psykologbistand og videolege via KRY. Kontakt Falck Helseformidling på telefon: 21 89 75 35.

Barneforsikring

Dersom barnet ditt er ramma av sjukdom eller skade, kan du melde krav om erstatning under barneforsikringa her. Ønsker du rettleiing, kan du kontakte oss på telefon 62 51 83 89.

Uførheit, kritisk sjukdom eller dødsfall

Her kan du melde krav under dekningane uførekapital, uførerente, uførepensjon, kritisk sjukdom og dødsfallskapital. Ønsker du rettleiing, kan du kontakte oss på telefon 62 51 83 89.

Personskade ved ulykke

Har du eller andre du har forsikra vore utsett for ei ulykke som har ført til personskade, kan du melde om skaden her. Ønsker du rettleiing, kan du kontakte oss på telefon 62 51 73 42.

Personskade ved trafikkulykke

Har du vore utsett for ei trafikkulykke som har ført til personskade, kan du melde skaden under køyretøy dersom bilen er forsikra hos oss. Er køyretøyet forsikra i eit anna forsikringsforetak, må du melde skaden der. I tillegg kan du melde skaden til oss under "Personskade ved ulykke". Ønsker du rettleiing, kan du kontakte oss på telefon 62 51 73 68.

Yrkesskade eller yrkessjukdom

For å melde yrkesskade eller yrkessjukdom må du skrive ut skademelding. Skademeldinga skal fyllast ut og signerast av arbeidsgivar og den tilsette i fellesskap. Utfylt skademelding legg du ved når du loggar inn og melder skade, eller send den per post til: Eika Forsikring, Postboks 332, 2317 Hamar. Treng du hjelp, kan du kontakte oss på telefon 62 51 73 43.

Inntektsforsikring AXA

Skadebehandling for inntektsforsikring blir behandla av vår samarbeidspartnar AXA. Forsikringa gir inga dekning dei første 30 dagane. Vi ber derfor om at du ventar med å registrere kravet ditt og laste opp dokumenta dine til etter at du har mottatt dagpengar frå NAV i over 60 dagar. AXA kan kontaktast på telefon: 800 37 500 eller e-post clp.no.kundeservice@partners.axa.