Vêret skaper forseinkingar - her er svar på det du lurer på.
No er det mykje vêr! Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla vi får ved slike hendingar.
Forseika fly/offentleg transport
Om flyet eller anna offentleg transport ikkje går til planlagd tid, kan du få erstatta rimelege og nødvendige ekstrautgifter til reise og overnatting. Forseinkinga må skuldast vêrtilhøve, teknisk feil, trafikkuhell eller anna plutseleg og uventa hending som fører til ekstraordinære trafikktilhøve.
Forsikringa kan dekkje reiseutgifter om flyselskapet/transportøren ikkje klarer å innhente reiseruta innan 24 timar. Forsikringa kan òg dekkje overnattingsutgifter om flyselskap/transportør ikkje kan tilby transport før neste dag.
Det er viktig at du først tek kontakt med flyselskapet/transportøren. Forsikringa dekkjer berre det du ikkje får erstatta frå dei. Ta vare på kvitteringar på utlegg, billettar og stadfesting på forseinka transport.
Rekk ikkje førehandsbetalt transport eller nestesamband
Om du kjem for seint til førehandsbetalt transport, erstattar vi rimelege og nødvendige reiseutgifter for å innhente reiseruta. Det er derimot ein føresetnad at du har berekna tilstrekkeleg tid frå du planlegg å kome til avreisestaden til neste planlagde avgang. Forseinkinga må skuldast vêrtilhøve, teknisk feil, trafikkuhell eller anna plutseleg og uventa hending som fører til ekstraordinære trafikktilhøve.
Om du mistar avgangen din, må du først kontakte flyselskapet/transportøren. Om du til dømes har ein gjennomgåande billett med same selskap/flyallianse, har dei ansvaret for å booke deg om på neste mogelege avgang eller finne ei anna passande løysing. Om du ikkje har gjennomgåande billett med same selskap, må du ordne med nye billettar og overnatting sjølv, og be om erstatning for utgiftene frå oss etterpå.