Hopp til innholdet
Kvinne i bunad
Har du kjøpt ein dyr bunad, er det lurt å investere i ei eiga bunadsforsikring.
Verdigjenstandforsikring

Har du hugsa å forsikre bunaden din?

Det lønner seg å kjøpe ei eiga forsikring til bunaden din. Innbo- og reiseforsikringa dekkjer nemleg ikkje nødvendigvis alt.

Eig du ein bunad, kan det fort bli dyrt om du ikkje har forsikra den med den riktige forsikringa.

For plutseleg skjer det; bunaden rivnar i splitten, naboen søler eit glas raudvin på den eller sølvet blir stole på tur. Kva gjer du då?

Innbu- og reiseforsikringa dekkjer ikkje nødvendigvis alt

Du trur kanskje innbu- eller reiseforsikringa ville ha dekt uhellet? Men det stemmer nok ikkje heilt.

Innbuforsikringa gjeld berre når bunaden heng i skapet heime, og reiseforsikringen berre når du er på reise - og då berre opp til eit visst beløp

– Både innbu- og reiseforsikringa har avgrensingar når det kjem til skadeårsak og erstatningsbeløp ved skadar som kan oppstå på bunaden, fortel Anita Tomter, skadesjef i Eika Forsikring.

Har du Innbu Pluss er du riktignok dekt for fleire skadar på bunaden, men den dekkjer berre opptil 30 000 kroner.

Reiseforsikringa erstattar heller ikkje hendige uhell og skadar du sjølv påfører bunaden.

– Difor er det smart å kjøpe ei eiga forsikring for bunaden din, seier Anita Tomter.

Gi bunaden din forsikringa den fortjener

Mange tar gjerne med seg bunaden Noreg rundt, og endå lenger, for å besøke slekt og vener ved festlege høve.

Kjøper du ei eiga bunadsforsikring kan du bruke den kvar som helst i verda, utan å vere bekymra for skadar eller uhell.

«Ei bunadsforsikring dekkjer alle plutselege og uforutsette skadar. Det kan vere sølv som fell av, svimerke, rifter eller uheldige kaffe-, raudvin- eller ketchupflekker», forklarer Anita.

Prisen kjem an på bunaden

Kor mykje bunadsforsikringa vil koste deg, kjem heilt an på kor dyr bunaden din er.

Har du for eksempel ein bunad eller ei festdrakt til ein verdi av 75 000 kroner, vil den koste deg cirka 72 kroner i månaden, eller 859 kroner i året utan samlerabatt.

Ein del av verdigjenstandsforsikringa vår

Hos oss er bunadsforsikringa ein del av verdigjenstandsforsikringa vår.

Denne forsikringa dekkjer også bunaden når den blir sendt som innsjekka bagasje.

– Men sølvet må du pakke i håndbagasjen for å sikre full erstatning, opplyser Anita.

Verdigjenstandsforsikringa er uansett smart å ha for alle dei verdifulle eigedelane du er ekstra redd for og ofte tar med deg ut av bustaden.

– Du kan kjøpe slik forsikring for mellom anna smykke, klokker, kamerautstyr, sykler og anna sportsutstyr, avsluttar Anita.

Bunad – og verdigjenstandsforsikringa vår kjøper du her.

Forsikre eigendalene du ikkje kan miste

Forsikre bunaden, smykka, sykkelen og andre verdifulle eigedelar, slik at du er litt ekstra trygg om noko skjer med dei.