Hopp til innholdet

Lær meir om våre køyretøylån

Vi ønskjer at du skal forstå produkta våre - dei viktigaste eigenskapane, dine rettar, plikter og kunne vurdere om lånet passar til din økonomi. Her finn du ei forenkla forklaring. Dei fulle lånevilkåra finn du i kredittavtalen.

Forklaring av ord og uttrykk tilknytt køyretøylån som du bør kjenne til og forstå før du inngår ei låneavtale

Du vurderer ei avtale om nedbetalingskreditt, eller gjeldsbrevlån som det også heiter. Det vil kunne ha stor betydning for økonomien din i mange år framover. Les derfor grundig gjennom denne forklaringa, sjølve kredittavtalen og dei “Standardiserte europeiske opplysningane om forbrukarkreditt” (SEF-opplysningar). Ta kontakt med oss i banken om det er noko som er uklart – vi ønskjer at du skal forstå avtalen fullt ut før du signerer.

Nedbetalingskreditt passar best når du treng eit bestemt beløp og gjerne til store anskaffingar, for eksempel kjøp av bustad eller bil. Dersom du tar opp lån saman med andre vil de alle vere ansvarlege for å betale tilbake heile lånet.

Dersom du har behov for løpande kreditt som kan svinge litt frå månad til månad, for eksempel for å jamne ut store utgifter som kjem med ujamne mellomrom, kan ei avtale om personkreditt eller eit kredittkort ofte vere ei betre løysing. Ei anna moglegheit er såkalla rammekreditt med pant i bustad, der du kan trekke på kreditten innanfor den avtalte kredittramma.

Det kostar å ta opp kreditt, både i form av renter og etableringsgebyr mv. Kostnadene kan auke med høgare renter. Du bør derfor spare noko og skaffe deg ein buffer til uforutsette utgifter.

I SEF-opplysningane finn du effektiv rente. Denne omfattar i prinsippet alle kostnader ved kreditten, og blir berekna på same måte av alle kredittytarar. Effektiv rente er derfor eit godt hjelpemiddel om du vil samanlikne tilbod frå fleire bankar.

I tillegg til renter må du nedbetale sjølve kredittbeløpet ved avdrag. Som regel bruker bankane såkalla annuitetslån, og gjerne ved månadlege terminar. Med terminbeløp meinast summen av avdrag, renter og omkostningar, kort sagt: Det du skal betale til banken kvar månad.

Ved eit annuitetslån er terminbeløpa like store i heile kreditten si løpetid, føresett at renta er uendra. I og med at lånet er størst i starten, før du har nedbetalt noko særleg, vil renta utgjere ein større andel av terminbeløpet då. Etter kvart vil lånet og renta i kroner bli mindre, og avdraget utgjere ein større andel av kvart terminbeløp. Dersom du ønskjer å betale ned lånet raskare, bør du innbetale ekstra avdrag.

Nokre bankar tilbyr alternativt eit såkalla serielån, der avdraget kvar månad er like stort. I tillegg kjem renter og omkostningar. Då lånet er størst i starten, og dermed også rentebeløpet, vil dei månadlege terminane vere størst til å byrje med og så bli mindre etter kvart.

Fordelen med annuitetslån er eit fast terminbeløp, som i starten er lågare samanlikna med eit serielån med same løpetid. Ulempa er at lånet nedbetalast langsommare i starten. Føresett uendra rentesats, vil du derfor betale meir i renter i sum ved eit annuitetslån. Våre lån er av typen annuitetslån med flytande rente.

  • Det er alltid ein viss risiko forbundet med å ta opp eit lån. Det er ei langsiktig avtale som bind økonomien din i mange år framover. Sjølv om banken foretar ei kredittvurdering av deg, kan det oppstå uforutsette omstende. Dette kan for eksempel vere at du går ned i lønn, gjennomgår eit samlivsbrot eller får auka levekostnader.
  • Risikoen for høgare rente.
  • Sørg for at du har ein livssituasjon, ei inntekt og ei gjeld etter låneopptaket som er i tråd med dine forventningar.
  • Dersom det er nødvendig med tilleggssikkerheit for å oppnå ønska lånesum, er det viktig at du tenkjer gjennom kva dette betyr. Dette vil innebere eit større lån og høgare økonomiske utgifter for deg, og ei økonomisk forplikting for den som stiller tilleggssikkerheita. Slik tilleggssikkerheit kan for eksempel vere realkausjon frå nær familie eller andre (pant i deira bustad). Banken kan krevje betaling av realkausjonisten dersom du ikkje betaler lånet.
  • Dersom du ved kjøp av bustad skal inngå avtalar som leige før eie, garantiar frå seljar, avtale om deleie eller liknande, er det viktig at du set deg grundig inn i kva dette inneber for ditt kjøp.
Mange nedbetalingskredittar er sikra med pant i bustad. Ved lån sikra med pant i bustad har du ei betenkningstid på minst 7 dagar. I andre tilfelle vil du kunne angre på kredittavtalen innan 14 dagar. Dersom du nyttar angreretten, må du likevel betale renter for den tida du har utnytta kreditten, og eventuelle etableringskostnader.
Du kan når som helst velje å nedbetale kreditten heilt eller delvis. Ved slik førtidig tilbakebetaling betaler du renter for den utnytta kreditten berre fram til du har tilbakebetalt det. Unntak gjeld for fastrentelån, som forklart nedanfor.

For å gjennomføre avtalen med kunden og for å etterleve lovpålagte plikter vil kredittytar behandle personopplysningar om kunden. Dette vil blant anna vere identifikasjons- og kontaktopplysningar, kredittopplysningar, inntekter, utgifter, eigendelar og gjeld. For ytterlegare informasjon om kredittytar si behandling av personopplysningar og for kontaktinformasjon til personvernombud eller annan ansvarleg, sjå personvernerklæringa til kredittytar.

Lånet løper ofte over mange år, og bankens kostnader til innlån vil som regel endre seg. Derfor har banken rett til å endre avtalen etter finansavtalelova.

Det vanlege er å avtale flytande rente. Då vil banken kunne endre renta med to månaders varsel, dersom det føreligg ein sakleg grunn.

Du kan alternativt avtale fastrente for f.eks. tre, fem eller ti år. Då kan banken ikkje sette opp renta i denne perioden. Ulempa ved fastrente er at dersom det alminnelege rentenivået fell, vil du ikkje få glede av lågare rente før perioden med fast rente er over. Og viss du ønskjer å innfri lånet i denne perioden, og rentenivået då er lågare enn ved starten av perioden, må du betale banken ei rentetapserstatning. Fastrente passar derfor best som ei slags forsikringsordning, dersom du ikkje vil tole særleg høgare rente enn dagens når du tar opp lånet, eller for ein del av dine lån.

Nokre bankar tilbyr renteberekning ved såkalla referanserente med tillegg av ein margin. Ei referanserente bereknast av ei offentleg tilgjengeleg kjelde, slik at lånerenta di for eksempel knyttast til NIBOR eller Nowa som fastsettast av NoRe eller Norges Bank. Valutalån fastsettast gjerne til referanserenta i den avtalte valuta. Auker referanserenta på grunn av endringar i styringsrenta eller etterspørsel i marknaden, vil også lånerenta di gå opp straks og utan varsel. Går referanserenta ned, settast lånerenta ned på same måte.

Vi tilbyr kun flytande rente på våre lån.

I visse tilfelle har banken rett til å heve kredittavtalen, dvs. krevje at lånet tilbakebetalast i sin heilskap etter eit kort varsel. Det gjeld for eksempel dersom du misligholder kredittavtalen vesentleg, du døyr eller går konkurs e.l. I varslet vil banken gi ein frist for å rette på forholdet, for eksempel til å stille ny sikkerheit.  

 Dersom du ikkje betalar lånet ditt, vil det innan kort tid/få ubetalte avdrag medføre

  • mislighald og inndriving av lånet som kan medføre store ekstra kostnader,
  • forsinkingsrenter, som er høgare enn avtalt lånerente
  • tvangssal av panteobjektet
  • betalingsanmerkningar
  • det kan også påføre eventuelle samskyldnarar eller realkausjonistar problem og medføre at desse får eit krav mot deg. Eit slikt mislighald og ei betalingsanmerkning kan igjen gi deg problem med å få nye lån.

Ta kontakt med banken snarast mogleg dersom du ikkje klarer å betale renter eller avdrag på lånet, for eksempel dersom du blir arbeidsledig, går gjennom eit samlivsbrot eller andre uforutsette hendingar.

Dette er ei kortfatta og forenkla forklaring. Dei fulle vilkåra finn du i kredittavtalen.

Du finn alminnelege kredittvilkår for våre køyretøylån her.

Du finn Standardiserte europeiske opplysningar om forbrukarkreditt for våre køyretøylån her.

Søk om lån til bil eller anna køyretøy