Hopp til innholdet

Ofte stilte spørsmål om billån

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om finansiering til bil og andre køyretøy. Om du ikkje finn svaret på det du lurer på, ta kontakt med oss på e-post billaan@eika.no eller telefon (+47) 915 06 270. Vi hjelper deg gjerne!

Spørsmål og svar

Med eit lånebevis er du klar når draumebilen dukkar opp. Du har kanskje ikkje bestemt deg for kva slags bil du ønskjer endå, då er det greitt å skaffe seg eit lånebevis som seier kor mykje du kan låne. Lånebeviset er heilt uforpliktande og kan gjerast om til lån i løpet av tre månader. Dette føreset at vi godkjenner bilen.

Lånebeviset inneheld lånesum og ein oversikt over avtalt nedbetalingstid og eventuell eigenkapital du må stille med. Du vil også sjå kor mykje lånet kostar deg i månaden.

Eit slikt bevis er ei tryggheit både for deg og for seljaren som ser at du er i stand til å finansiere bilen.

Saksbehandlar kan be om lønnsdokumentasjon og siste skattemeldinga. Dette dokumenterast ved lønnsslippar og/eller arbeidskontrakt.

Ja, du kan sende inn fleire søknadar. Men ved innvilga lån vil tilgjengeleg kreditt vere redusert. Det er like greitt å kontakte oss angåande endringa.

Vi tilbyr Grønt billån med gunstigare rente og lågare etableringsgebyr. Vårt grøne billån vil vere tilgjengeleg for deg som kjøper utsleppsfri bil.

Du får beskjed med ein gong dersom søknaden om billån/lånebevis blir innvilga eller avslått. Dersom søknaden din blir sendt til manuell behandling vil du få svar innan éin arbeidsdag.

Søknadar som er innvilga er gyldige i 30 dagar. Etter dette slettes søknaden, og du må søke på nytt. Lånebeviset er gyldig i 3 månader. Det kostar ingenting å ha innvilga eit lånebevis. Når tidsfristen har gått ut kan ein berre legge inn ei ny søknad.

Dette kan vi dessverre ikkje finansiere. I slike tilfelle er det fare for at salspanten ikkje er gyldig.

Maksimal løpetid er 10 år. Nedbetalingstid bør vere i takt med verdifallet på bilen. Brukt bil kan ved lånets utløpsdato ikkje vere eldre enn 14 år. Det vil seie under gitte kredittkriterier kan ikkje objektet vere eldre enn 14 år når lånet skal vere nedbetalt. F.eks: Er objektet 5 år gammalt, kan maksimal løpetid på lånet vere 9 år (5+9=14).

Ein skal kun sette inn sin andel av den totale gjelda på kvar lånetakar. Det vil seie at viss hovudlånetakar og medlånetakar har 4 millionar i total gjeld på husstanden, oppførast 2 millionar i gjeld på kvar lånetakar eller ettersom korleis dei fordeler gjelda. Ein skal ikkje oppføre den totale gjelda på begge to.

Ring oss i Eika Kredittbank på tlf: 915 06 270 for å gi beskjed om endringa. Alternativt kan ein legge inn ei ny søknad, men det er då greitt å gi beskjed om at de vil ha den førre søknaden annullert. Alternativt kan du skrive ein e-post til: billaan@eika.no.

Eika Kredittbank AS

Postboks 2349 Solli

0201 Oslo

Du kan enkelt registrere køyretøyet via Følg din søknad. Eventuelt kan du sende oss registreringsnummeret på objektet du vil kjøpe anten på telefon eller e-post. Eika Kredittbank AS forbeheld seg retten til å godkjenne objekt og pris. Registreringsnummeret på køyretøyet du skal kjøpe må vere oppgitt før du kan signere gjeldsbrevet. Det er veldig viktig at du signerer gjeldsbrev med salspant før du overtek objektet.

 

To faktorar som kan ha stor innverknad på avgjersla er eigenkapital og nedbetalingstid. Ein høgare eigenkapital og/eller kortare nedbetalingstid vil auke sjansen for å få innvilga søknaden din.

Lånebeløpet eksklusive etablering og tinglysing.

Det er veldig viktig at gjeldsbrevet er signert av deg før du overtek køyretøyet. Overtek du køyretøyet før gjeldsbrevet er signert vil lånet ikkje bli utbetalt. Dette går på lovverk i høve til samtidighet.

 

Nei, det går ikkje an å overføre eitt lån der pant er signert og lån utbetalt. Dette fordi finansiering med pant i bilen kan berre gis på kjøpstidspunktet. Etter det fell samtidigheten bort.

Lånet kan berre bli utbetalt direkte til seljar av objektet, eller eventuelt til annan bank eller finansinstitusjon dersom det er hefting på køyretøyet du ønskjer å få finansiert.

Lånet blir utbetalt til seljar når dokumenta er signert og vi har mottatt kjøpekontrakt og mellombels vognkort. Eika Kredittbank AS kan bekrefte til seljar av objektet at lånet vil bli utbetalt med forbehold om at enkelte dokument blir sendt inn.

Forfallsdato er opphavleg den datoen kontrakten fastsetjast, men kan endrast til ein annan ønska dato i mobil- eller nettbanken.

Ein kan sette opp Avtalegiro og eFaktura på lånet i nettbanken.

Lånet er eit annuitetslån med flytande rente. Renta følgjer utviklinga i marknadsrenta i heile låneperioden, og kan dermed justerast opp eller ned.

Det er dessverre ingen moglegheit for å få betalingsfri månad på lånet.

Det er ingen avslutningsgebyr.

Søk om lån til bil eller andre køyretøy