Hopp til innholdet
Jente søker finansieringsbevis

Finansieringsbevis
  • Ei stadfesting på kor mykje du kan kjøpe bustad for
  • Eit gratis og uforpliktande lånetilbod frå oss
  • Gyldig i 90 dagar 

Kvifor treng eg eit finansieringsbevis? 

Med eit finansieringsbevis kan du handle raskt når den rette bustaden dukkar opp. Finansieringsbeviset er ei stadfesting frå banken på kor mykje du kan kjøpe bustad for og kor langt du kan gå i ein bodrunde.

Kvifor bør du velje oss?

Hos oss får du personleg rådgjeving og ein fast rådgjevar du kan snakke med. Vi støttar deg gjennom heile kjøpsprosessen, noko som gjer det tryggare og enklare for deg å kjøpe bustad. Vi har god kunnskap om lokale forhold og kan vere meir fleksible enn større bankar. Vi jobbar hardt for å finne ei løysing som passar for deg og din økonomi. Ta kontakt med oss for ein prat - hos oss får du din eigen rådgjevar som vil hjelpe deg på vegen til eigen bustad.

Visste du at?

Du kan enkelt forlenge finansieringsbeviset etter 3 månader dersom du framleis er på bustadjakt

Kontakt meg om bustadlån

Solfrid Dagestad Midttun

Solfrid Dagestad Midttun

Avdelingsleiar Privatmarknad

56523502 mobil 90028419

Norvald Fretheim

Norvald Fretheim

Senior kunderådgjevar Privatmarknad

Lillian Lægreid

Lillian Lægreid

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Spørsmål og svar om finansieringsbevis

Vi vurderer di evne til å handtere lånet, som vi kallar "beteningsevne," ved å ta omsyn til korleis di økonomi kan takle auka rentekostnader. Vi ser på følgande faktorar:

  • Dine noverande inntekter og utgifter
  • Forventa utvikling i inntektene dine
  • Informasjon frå di siste skattemelding
  • Tidlegare lønnsslippar du har mottatt
  • Eventuelle ekstra inntektskjelder du måtte ha

Her finn du meir informasjon på kva vi vurderer for kor mykje du kan låne til budstad.

Finansieringsbeviset tar utgangspunkt i di økonomi, sparepengane dine og eventuell verdi på eksisterande bustad. Vi gjer ei grundig vurdering av storleiken på bustadlånet og di økonomiske situasjon, slik at du kan vere trygg på at du ikkje låner meir enn kva di økonomi toler.

Finn ut meir om kva vi ser på for å vurdere kor mykje du kan få i bustadlån.

Ja, du kan endre lånebeløpet i ditt finansieringsbevis. Dersom di økonomiske situasjon endrar seg, eller du finn ein bustad som krev eit høgare eller lågare lånebeløp, kan vi justere beløpet etter ei ny vurdering av di økonomi.
Eit finansieringsbevis frå oss er gyldig i 3 månader. Dersom du treng å fornye finansieringsbeviset kan du enkelt gjere dette i mobilbanken vår, eller ta kontakt med oss.

Normalt blir du kontakta av ein rådgjevar innan 24 timar etter du har sendt inn ein søknad. Du kan også følgje status på behandlinga av søknaden din ved å logge inn på "følg min lånesøknad".