Hopp til innholdet
Slik planlegger du økonomien din med boliglån | Se tips
Boliglan for unge

Korleis planleggje økonomien din med bustadlån?

Etter å ha kjøpt din første bustad, byrjar ein ny fase som kan vere både spennande og overveldande. No er det viktig å planleggje økonomien nøye for å sikre at du har råd til bustadlånet, dei månadlege utgiftene og uforutsette kostnader.

Tips til planlegging av økonomien din 

  • Lag og sett opp eit budsjett

    Dette vil gi deg ei oversikt over inntekta og utgiftene dine, og hjelpe deg med å finne ut kor mykje du kan sette av til oppussing og kjøp av ting du treng til bustaden.

  • Ha ulike kontoar til ulike formål

    Det kan vere lettare å halde budsjetta om du set opp fleire kontoar i nettbanken til ulike føremål. Ha ein eigen konto som lånet trekkast frå, ein til rekningar og ein til mat. På den måten gjer du det enklare for deg sjølv å sette av pengar til det du treng og halde deg til budsjettet. Se våre ulike kontotyper her.
  • Tenk langsiktig

    Når du kjøper ein bustad, er det ei langsiktig investering. Tenk gjennom kva behov du har i dag, men òg korleis du planlegg livet dei neste åra. Planlegg du å pusse opp, er det lurt å tenkje langsiktig og velje tidlause løysingar på dei dyrare tinga, så kan du heller skifte ut enkelte av tilbehøra.
  • Prioriter nødvendigheiter

    Når du byrjar å møblere og utstyre din nye bustad, er det viktig å prioritere nødvendigheiter først. For eksempel, før du kjøper dyre møblar eller elektronikk, bør du sørgje for at du har alle dei viktigaste tinga som kjøleskap, komfyr, seng og liknande. Sjå gjerne etter brukte alternativ. Med litt kreativitet og maling kan mange ting bli som nye.
  • Vurder å leige ut ein del av bustaden

    Har du ein større bustad, kan du vurdere å leige ut ein del av bustaden for å auke inntekta og redusere dine utgifter. Dette kan vere spesielt nyttig om du har ei ekstra leilegheit eller soverom. Bruk inntekta til å betale ned på bustadlånet, eller bygg opp ein bufferkonto.

  • Spar for uforutsette utgifter

    Sjølv om du har planlagt nøye, vil det vere uforutsette utgifter som kan dukke opp når du eig ein bustad. Det kan vere lurt å sette av litt pengar kvar månad til å dekke desse uforutsette utgiftene. Les meir om sparekonto her.

Bustadguiden

Det er mykje å tenkje på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg steg-for-steg oversikt over kva du bør tenkje på både før, undervegs og etter kjøp av bustad.